lørdag 27. januar 2018

Livets friminutt

Det verkar som om det er ein trend i tida å ha det travelt, eller i alle fall å utrette og oppleve mykje. Eg var i mange år ei travel småbarnsmor, men dagane og vekene har blitt langt rolegare og med færre gjeremål etter kvart som borna vaks til og flytta ut. Etter kvart har eg derfor kunna fylt fritida med politikk, studium og andre syslar som tek mykje tid og gir mykje glede.

Denne veka har Minstemann hatt ei uvanleg travel veke. Vanlegvis har han to organiserte fritidsaktivitetar, korps og musikkskule, men denne veka har vi vore på informasjonsmøte for konfirmasjon, og han har vore på bandcamp, bandøving og konfirmasjonsførebuing. Alle desse aktivitetane innebar køyring og henting, så det vart uvanleg travelt for Gamla òg. I tillegg var eg på kommunestyremøte og partimøte torsdag.

Det blir mykje køyring, og ofte venting på kaia eller venting før møte. Mykje av denne ventetida bruker eg til å høyre radio i bilen, og eg har som regel med ein roman eller anna lesestoff som eg kosar meg med mellom slaga.

Torsdag mellom dei to møta sette eg meg inn på det lokale biblioteket, der eg skulle hente ei bok eg har venta på. Det nesten nyoppussa folkebiblioteket er lekkert og innbydande innreidd, og dei som jobbar der er uvanleg hyggelege og hjelpsame. Det hender til dømes at dei sender sms om at dei har fått inn nye bøker, slik at eg får sjanse til å lese dei først. Eg er innom folkebiblioteket om lag ein gong i veka, og på jobb er eg innom skulebiblioteket fleire gonger i veka. Denne veka har eg òg vore innom høgskulebiblioteket, og tanken slår meg at vi er utruleg privilegerte her i kommunen. Alle dei tre biblioteka i sentrum er innbydande lokale med flinke tilsette.

Torsdag sette eg meg i barneavdelinga, fordi eg fann ein god og fin stol. Eg såg så mange fine bøker utstilt der som eg godt kunne ha tenkt meg å lese høgt for nokon. Det er nokre aktivitetar frå tidlegare tider som eg saknar.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar