lørdag 9. desember 2017

9. desember: pakkar



På føremiddagen i dag begynte eg på årets bunke med fordjupingsemne. Det er heldigvis ei lita klasse på 22 elevar - sist hadde eg 29. Nokre professorar uttalar at det ikkje er skilnad på å undervise store og små skuleklasser, men rettebunkane er det i alle fall enorm skilnad på. Eg bruker om lag ein time på kvar oppgåve, stundom meir, så det seier seg sjølv at sju elevar færre merkast.

Etter ein lang tur med hunden tok eg ein tur på butikken, der eg mellom anna henta eit par pakkar. Enno har eg ikkje fått i hus alt eg har bestilt, men det meste var no kome i hus. Det var derimot nødvendig å pakke inn ein del av det eg hadde kjøpt, så dermed fekk eg ei fin økt med innpakking og sortering. Det hastar litt med å få klar det som skal sendast, men òg med å få eit slags oversyn over kven som skal få meir og kva dei eventuelt skal få.

Vi er eigentleg ikkje så opptekne av pakkane, men for mor er det viktig at det vert nokre gleder og at det vert rettferdig. Med to fattige studentar og ei som skal ta lappen snart vert det behov for litt pengestøtte innimellom, så vi tek ikkje av og kjøper unyttige ting til jul. Vi ser aller mest fram til å få ferie, vere samla i heimen og ha god tid til å prate, sjå film, gå turar og ete mykje godt. Julematen skal kjøpast i veka som kjem, det tek eg medan eg ventar på ferje eller møte, tenkjer eg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar