søndag 8. oktober 2017

Bok 73 2017: "Kvinnen med rødt hår" av Orhan Pamuk

Cem arbeider som læregut for ein brønngravar då han forelska seg djupt i ei eldre, gift og raudhåra kvinne. Dramatiske ting skjer, og hendingane pregar Cem når han reiser frå staden og tek til på eit heilt annleis liv. Då fortida innhentar han, viser det seg at alt var annleis enn han har trudd. Mot slutten forstår vi at boka vi har lese ikkje er det vi har trudd heller.

Parallelt er Cem oppteken av Ødipus, av fadermord og etikk, så boka har fleire lag enn den reine handlinga. Ein får òg eit visst innsyn i nyare tyrkisk historie og kultur.

Eg likte boka svært godt, spesielt fordi den var så uføreseieleg.



2 kommentarer:

  1. Eg meiner eg har lese andre bøker av same forfattaren.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg kan ta med denne til deg viss du vil.

      Slett