tirsdag 1. august 2017

Irland dag 1

Vi kom til Dublin om lag klokka 12 lokal tid, så vi fekk mykje ut av den første dagen. Først måtte vi sjølvsagt sjekke inn på hotellrommet, som eg eigentleg var budd på ikkje ville vere klart før seinare på dag. Det var derfor ei positiv overrasking at vi fekk kome inn straks. Hotellet vi budde på heitte Academy Plaza Hotel, og det hadde perfekt beliggenheit like ved buss-stoppa på O'Connell's Street. Rommet var relativt stort, vi fekk rikeleg med handdukar og ein nydeleg frokostbuffet (det såg vi sjølvsagt ikkje første dagen). Utsikta var derimot noko komisk.

Etter å ha flidd oss litt, tok vi oss ein rusletur rundt i byen. I området "Temple Bar" fann vi ein Hard Rock Café der vi tok oss eit måltid før vi rusla vidare til Irish Rock'n Roll Museum Experience. Der fekk vi vere med på ei hyggeleg og interessant omvising. Vi fekk etter kvart oppleve at Phil Lynott og U2 er dei aller største stoltheitene når det gjeld musikk i Irland - i alle fall når dei skal presentere noko for turistar.









Etter museumsturen rusla vi vidare bort til St Stephen's Green og litt rundt elles ved elva. Det var kjekt å bli litt kjende i byen, noko som eigentleg var fort gjort. Områda er ganske ulike, og elva ligg som eit haldepunkt midt i byen.










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar