fredag 14. juli 2017

Bøyabreen, Lærdalsøyri, Vindhellavegen og Sverrestigen

Tysdag sette vi kursen mot eit turmål eg har tenkt på i eit par år: Kongevegen over Filefjell. Eg har lese mykje om restaureringsprosjektet, og har blitt svært interessert både i den historiske turen og prosjektet med å reparere øydelagde strekningar. Vi hadde leigd hytte i Borgund i to netter, så planen var å gå to - tre turar i løpet av tre dagar.

På turen stoppa vi ved Bøyabreen i Fjærland. Den ligg like ved hovudvegen, men eg har aldri køyrt bort til den før. Når ein reiser med hund og har god tid, er det greitt med slike små avstikkarar.
Bøyabreen ved Bøyum i Fjærland
Eg har tidlegare blogga om Gamle Lærdalsøyri, som er eit vakkert område i Lærdal. Vi gjekk oss ein runde i gatene og såg på dei gamle husa, kjende på stemninga og strekte på beina.

Gamle Lærdalsøyri

Nokre er meir opptekne av gamle bilar enn andre 

Testing av macrofunksjon på mobilkameraet
Mange har nok sett campingplassen med dei pastellfarga hyttene like ved hovudvegen i Borgund. Vi leigde ei hytte med bad. Det var svært enkel standard, men reint og greitt. Dessverre hadde vi ikkje internett-tilgang, så vi måtte underhalde oss med lesestoff og Nrk. Det ligg eit gatekjøken på campingen, så vi gadd ikkje lage middag sjølve.

Hytta vi leigde på Borgund, like ved hovudvegen

 Vi rakk ein ettermiddags/kveldstur tysdag kveld, og sidan vêret ikkje var optimalt, valde vi eit område vi hadde vore i før. Eg gjekk Vindhellavegen for to år sidan, saman med Eldstejenta, men hadde berre gått den berømte strekninga. Denne gongen gjekk vi heilt til stavkyrkja, og deretter Sverrestigen attende. Segna fortel at kong Sverre reiste gjennom dalen i 1177, og at bøndene i området heldt vakt ved Vindhella for å lempe stein ned på kongen når han passerte. Han valde dermed ei alternativ rute.
Ved Vindhellavegen

Vindhellavegen

Vindhellavegen

Ein figur ved Sverrestigen

Festleg figur (men Charlie var rasande på den)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar