mandag 22. mai 2017

Levert!

I dag hadde eg min siste heimeeksamenspermisjonsdag. Den brukte eg mest til å kvile, men òg til å lese gjennom oppgåva ein gong til og ta ein skikkeleg språkvask før eg leverte.

Om kvelden var det gruppemøte i forkant av det komande kommunestyremøtet, og eg tok ei tidlegare ferje slik at eg nådde å stikke ein snartur innom Plantasjen. Eigentleg hadde eg vurdert enda ei ferje før, men då hadde eg kanskje gått konkurs. Der var mange freistingar, og stauder og busker er ikkje akkurat billeg.

Ærendet mitt var ny plantespade, sidan eg ikkje fann den gamle (eit årvisst problem, den dukkar nok opp), i tillegg til plengjødsel. No når eg både har ny klippar og tenestedreng med fast oppdrag er det berre å strø om seg, bokstaveleg tala. I tillegg kjøpte eg mold og gjødsel til å fylle på i det store bedet, der eg likar best å lage til, sidan det syner så godt frå fleire sider. Så kjøpte eg ein sekspakning med steinbedplantar, sjølv om eg ikkje har steinbed, og i tillegg ein stor blå klokkestaude. Eg såg etter løytnantshjarte, som er favorittblomen min, men dei hadde berre kvite. Eg kunne ha gått ut og planta allereie i kveld, men eg utset det til etter jobb i morgon. Å styre i hagen er noko av det finaste eg veit, og det er noko eg har sett fram til å gjere no når min eigen eksamen er unnagjort.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar