mandag 8. mai 2017

Bok 30 2017: "Verden som var min. Sekstitallet" av Ketil Bjørnstad

Denne tjukke boka har eg halde på med ei stund, og då passa det godt med ein lang biltur for å få unna dei siste cd-ane i lydboka. Ketil Bjørnstad fortel om sitt eige liv, og så plasserer han det inn i den større historia slik at fleire kan ha interesse av stoffet. Det er ei bok som eignar seg godt som lydbok, fordi det er relativt lett stoff som ein greier å halde tråden i sjølv om ein køyrer bil eller liknande. Det er Anders Ribu som les, og han les godt. For meg er det likevel litt forvirrande at han også var stemma til Karl Ove Knausgård sine "Min kamp"-bøker, somm på ein måte er litt beslekta i innhaldet. Bjørnstads bok er meir ei skildring av tidskoloritt, og for meg er Knausgård i ein heilt annan divisjon når det gjeld å vrenge innsida si ut, sjølv om Bjørnstad gjer noko av det òg.

1 kommentar:

  1. Eg har lese både 60-tallet og 70-tallet, den første var mest interessant for meg, mykje var gjenkjenneleg. Men bøkene kjem på ingen måte opp mot Knausgård sitt meisterverk "Min kamp" 1-6 . No som eg er gammal forstår eg faktisk godt at folk på nærmare min alder får ein trang til å "skrive livet sitt"-

    SvarSlett