tirsdag 11. april 2017

Bok 25 2017: " Øksa og ishavet" av Gaute Heivoll

Denne boka er ei novellesamling der mange av tekstane tek utgangspunkt i Heivolls eige liv eller andre forteljingar frå hans fortid. Eit døme er den vakre forteljinga om Bertor, som er ein tidlegare gardbrukar der Heivoll bur. Dette er ei av dei beste novellene, då den rommar eit heilt liv på nokre få sider. Eg fekk assosiasjonar til Bjørnsons "Faderen", som eg nyleg har arbeidd med. Ei anna god novelle er tittelnovella, som er svært lang, og som fortel om korleis ein ung mann blir forfattar - noko i slekt med Knausgårds "Min kamp"-bøker. Tittelen er basert på eit sitat av Kafka som blir brukt i teksten: "Ei bok må vere øksa til det frosne ishavet i oss." Så er det ganske fiffig at den siste novella handlar om bestefaren til Heivoll, som drep ein elg med øks under okkupasjonen.

Eg likte dei fleste tekstane svært godt. Kor vidt dei er sanne eller oppdikta historier interesserer meg ikkje, men eg synest det er eit interessant utgangspunkt å skrive om episodar frå eige liv eller fortid, sjølv om dette truleg snart vil gå av moten. Det er òg noko lettare å lese ei novellesamling i samanheng når tekstane er så ulike som desse er, samtidig som noko bitt dei saman. Ideelt sett burde ein berre lese ei om gongen og deretter ta ein pause.

Heivoll har fått blanda kritikkar for samlinga, mellom anna har Aftenposten ein svært negativ omtale som dei deretter kjem i møte ved å gi forlagssjefen ordet til forsvar. I Vårt Land fann eg eit intervju som eg syntest var interessant og lærerikt, så eg legg ved lenka her. Eg les som regel litt om bøkene i etterkant av lesinga mi, men etter at eg sjølv har tenkt og gjort meg opp ei meining. Denne likte eg godt, sjølv om nokre av novellene var klart betre enn andre.

http://www.vl.no/kultur/hogger-kortere-fortellinger-1.383344




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar