torsdag 9. februar 2017

Kvardag kvar dag

Dagane fyk av garde, og vekene består for det meste av måndag og fredag. Dette er omtrent som normalt, og eg likar eigentleg å ha det slik. Likevel har eg kjent på ein slags vegg eg var i ferd med å møte, og slike teikn tek eg på alvor. Satsingsområda mine er mange og varierte, og eg tek meg no saman for å auke livskvaliteten, betre livsstilen og få opp energinivået. Først og fremst

  • meir mosjon og frisk luft
  • meir heimelaga, sunn mat
No når ettermiddagane er lysare, er det lettare å overkome dørstokkmila og kome seg ut på tur. I dag fekk eg med meg Minstemann, og hunden er alltid ivrig etter å bli med. I går laga eg dessutan heimelaga kjøtkaker, med heimelaga saus og ertestuing. Kunsten er sjølvsagt å lage så stor porsjon at ein har i to dagar, slik at dagens middag vart mikrovarma restar av den heimelaga middagen frå i går. Vi har dessutan kosta på oss ein juice med 1/3 grønsaker som vi deler til middag. 

Så får det heller vere at eg ikkje har greidd å gå frå hamna og opp til jobb på lenge (det er veldig kaldt, eller det regnar, eller så må eg handle...), at eg ikkje har vore på treningssenter på svært lenge (eg går meg heller ein tur når eg kjem heim...) og at det blir både sjokolade og andre usunne mellommåltid når svakheita kjem sigande. 

I dag kan eg rapportere om ein ettermiddag med lang tur med hund og barn, to timar prøveretting og baking av 1 stk skuffekake som Minstemann skal selje i kantina i morgon, til inntekt for polentur. Så får ein heller finne seg i at borna morar seg med å snappe bak ryggen på ein.



1 kommentar:

  1. Same som eg slit med ...
    Men etter sju veker med ferdigmat, stig nok energien på den fronten.
    Eg hadde akkurat teke fram sykkelen då det fraus på att. Målet er å handle med sykkel. Det burde gå bra til to personar.

    SvarSlett