søndag 26. februar 2017

Bok 14 2017: "Liknelsesboken - en kärleksroman" av Per Olov Enquist

Denne boka var ikkje så lett å lese, så eg måtte ta meg litt ekstra tid med den. Det gjorde ikkje saka enklare at den er skriven på svensk, som er langt tyngre enn ein skulle tru. Ein kan skildre boka som ein erindringsroman, i og med at den ikkje er kronologisk men likevel har ein slags samanheng fordi det er ein eldre mann som minnest episodar frå livet og reflekterer over desse. Han minnest til dømes foreldra, "Pojken" og ei kvinne han hadde sin seksuelle debut med som 15-åring (ho var forresten 51). Det er ei velskriven og poetisk bok, men den krev noko tid og konsentrasjon, som nemnt.

1 kommentar:

  1. Eg plar like bøkene til denne forfattaren, men har litt problem med å konsentrere meg om bøker for tida, så det blir ikkje lese så mykje. Lenge sidan eg har lese noko særleg på svensk- men hadde ikkje så mykje problem med det før i alle fall.

    SvarSlett