torsdag 2. februar 2017

Bok 11 2017: "Marmor" av Toril Brekke

Hovudpersonen Carla er i gravferda til bestemora og minnest sin eigen oppvekst og familiehistoria. Tittelen viser til ein forfar som kunne lage falsk marmor til bygg, noko som er symbolsk for det falske og blendande i familiens seinare historie. Her er personar som er maniske, rasande og utagerande, og ikkje minst dårlege mødrer. Tittelen kan såleis lesast som mare-mor, viss ein vil. 
Eg likte boka svært godt undervegs, men hadde forventa meir av slutten. Det heile flata for mykje ut etter min smak.

1 kommentar:

  1. Viss du vil kan du gå inn på bloggen min og sjå kva eg skreiv om boka. Ei god stund sidan eg las den no.

    SvarSlett