mandag 9. januar 2017

Bok 4 2017: "Rydde ut" av Helene Uri

I denne boka vekslar Uri mellom å fortelje si eiga familiehistorie, med utgangspunkt i at mora nyleg
har gått bort, og ei oppdikta forteljing om ei nyskild kvinne som heiter Ellinor, og som reiser til Finnmark for å skrive ein rapport om samisk språk.

Eg har før sagt at Uri sine bøker er noko varierande i kvalitet, og ved minst eitt høve hadde også denne gongen eg ei kjensle av "déjà lu" - at eg har lese liknande bøker for lenge sidan, utan at eg klarer å nemne nokre av dei. Temaet verkar oppbrukt, men også komposisjonen. Dessutan syntest eg forteljinga om Ellinor var ein einaste stor, kjedeleg klisjé. Uri kunne med fordel ha skrive med fokus på familiebakgrunnen sin, men det har allereie Hoem og Knausgård hatt enorm suksess med.

Beklagar, men dette var ikkje ei bok eg sette særleg pris på, sjølv om den ikkje var spesielt vanskeleg å følgje med i og var passeleg lang. Den vart berre noko uinteressant.

3 kommentarer:

  1. Eg synest å hugse at eg likte denne boka betre enn andre URI-bøker eg har lese, men eg kan ikkje finne den att på bloggen min. Det har blitt skrive fleire bøker som liknar, best likte eg Anne B. Ragde si "Jeg har et teppe i tusen farger".

    SvarSlett
    Svar
    1. Einig i den. Det eg likte minst, var den oppdikta forteljinga som skulle flettast inn i hennar eiga familiehistorie. Det vart oppkonstruert, synest eg.

      Slett
  2. Hugsar ikkje så godt den biten.

    SvarSlett