lørdag 1. oktober 2016

Store planar i politikken

Denne veka har vore prega av mykje møteverksemd i fritida. Måndag var det gruppemøte med besøk av ulike lobbyistar, tysdag var det møte i kvinnegruppa og torsdag var det eit særs interessant og givande kommunestyremøte.

Høgdepunkta var då vi på kommunestyret einstemmig vedtok å gå vidare med planar om å bygge både kulturhus og idrettshall i samarbeid med Høgskulen og Vidaregåande (altså eit samarbeid mellom stat, fylke og kommune). Kommunen har lang tradisjon for å tukle til ting slik at ein til slutt endar opp med eit gigantforslag som blir nedstemt. No håpar og trur eg at vi kan få til gode og nøkterne løysingar, og det skal bli noko vi politikarane kan vere stolte av.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar