tirsdag 18. oktober 2016

Bok 84 2016: "Dei som flyktar og dei som blir" av Elena Ferrante



Forlaget skriv:

"I den tredje boka i Napoli-kvartetten, Dei som flyktar og dei som blir, har dei to jentene frå Mi briljante venninne og Historia om det nye namnet blitt kvinner.

Elena giftar seg med ein akademikar og er ulykkeleg familiemor i Firenze, medan Lila kjempar for å overleve som lågtlønna fabrikkarbeidar, og tar del i 70-åras kamp for betre arbeidsvilkår og meir demokrati. Begge kvinnene har frå dei var barn forsøkt å unnsleppe livet i bydelen der dei vaks opp, eit liv i fattigdom og ufridom. No drøymer Elena likevel om det livet Lila har.


Napoli-kvartetten er eit storverk om vennskap mellom kvinner, men dette er også forteljinga om Italia som nasjon og dei gjennomgripande endringane landet gjennomgår frå 1950-åra og fram til i dag.

Dei som flyktar og dei som blir er ein roman om to kvinners liv i Italia på 70-talet, tiåret prega av arbeidarkamp, klassereise og kvinnefrigjering. Ein roman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølv utan den andre."


Eg likte betre dei to første bøkene i serien, men er sjølvsagt spent på korleis det går i den fjerde boka...

1 kommentar:

  1. Eg har lese dei to første, men gjekk så surr i namn og familiar at det vart rett og slett slitsomt. Det skal visst eksistere eit oversyn over personane til hjelp særleg for dei som les lydbokversjonen. Men eg veit ikkje om eg orkar alle fire uansett.

    SvarSlett