torsdag 23. juni 2016

Bok 41 2016: "Boka om Baltimorefamilien" av Joël Dicker

I denne boka møter vi att Marcus Goldman frå boka "Sannheten om Harry Quebert-saken".

Da Marcus vaks opp, var det to Goldman-familiar: middelklassefamilien til Marcus i New Jersey, og den rike og glamorøse Baltimore-familien. Marcus besøkte dei så ofte han kunne, for å vere saman med fetteren Hillel og Woody, guten som onkelen og tanta hadde redda frå eit liv på gata og tatt til seg. Og så var det nabojenta Alexandra, som drøymde om ei framtid som popstjerne. Dei fire heldt kontakten i alle år, inntil fasadane begynte å rakne, og alt ein dag gjekk gale. 

i boka vert hendingane frå fortida gradvis avslørt, og resultatet er ein spennande roman om ting som ikkje er slik dei verkar.

2 kommentarer:

  1. Eg held på å lese denne no, men var ikkje klar over samanhengen med den andre boka, så no må eg Google.

    SvarSlett
  2. Eg hugsar fragment frå den førre boka. Eg er ikkje komen så langt i denne at eg visste om dette berre berre underhaldning-eller om det vart noko meir. No les eg med glede vidare.

    SvarSlett