fredag 26. februar 2010

Vesketilførsel

I går kveld, på veg heim frå kino, opplevde eg å få fingrane fulle av foundation-krem då eg greip ned i veska etter lommeboka mi. Ved nærare ettersyn hadde ei krukke med krem mista loket og grisa til det meste av innhaldet i veska. Og det var ikkje lite, kan eg røpe. Veska var gammal og klar for utskifting, så her fekk eg ei etterlengta rettferdiggjering av nytt veskekjøp. Den totalt tilgrisa lommeboka var òg begynt å bli noko slitt og gamal, sjølv om den framleis fungerte. Men går det an å putte ei gammal, tilgrisa lommebok ned i ei flunkande ny veske?

Sjølvsagt prøvde eg å vaske elendet av, og eg lukkast delvis, men så fekk eldstejenta og eg oss eit lite shoppingærend  før vi reiste på Reset.

Moralen er, kjære blogglesar: ha alltid ein skikkeleg grisete krem klar i tilfelle du er lei av den gamle veska...

3 kommentarer:

  1. Eg brukar å kjøpe meg billige vesker, ofte på salg, då kan eg skifte oftare. Men kvaliteten er deretter. Denne veska var fin, og lommeboka likeså!

    SvarSlett
  2. Jau takk - eg handlar ikkje så dyrt eg heller, men endar gjerne opp med noko i "mellomklassen" av det som finst i dei lokale butikkane. Merke og denslags har eg ikkje greie på. No er det berre å håpe at ein har att noko å fylle lommeboka med!

    SvarSlett
  3. Eg har relativt ny veske og lommebok, men vart inspirert til butikkrunde på Hareid. Enda opp med ny og litt lysare bukse ... ja, og ei T-skjorte.

    SvarSlett