søndag 28. februar 2010

På tur(ski) i Stigedalen

Siste dagen i februar, og siste feriedagen i tidenes flottaste vinterferie, brukte dei tre yngste og eg til skitur på Stigedalen. Sola skein frå blå himmel, og det var akkurat passeleg kaldt, eigentleg. Vi gjekk rundt i skiløypene nærast Tua, slik at alle borna fekk stetta sine behov for fysiske utskeiingar, og mot slutten leika ungane OL i skikyting medan Gamla fekk gå litt ekstra i løypene.

No mot kveld vert det hardt arbeid med planlegging av komande veke på skulen, og eg ser allereie fram til komande frionsdagar, komande helgar og komande feriar...

3 kommentarer:

  1. Du har vore flink og retta tidlegare i veka - ikkje eg ...

    SvarSlett
  2. Det ein ikkje kan gjere er alltid forlokkande. I dag fekk eg til og med lyst til å gå på ski!
    Ein slik vinter som dette har vi vel aldri før opplevd?

    SvarSlett
  3. Fint i Stigedalen. Stein Inge, Margunn og Kristine likar seg også godt der oppe, ikkje så mykje folk som på Harpen. Kanskje ein kunne hatt eit treff?

    SvarSlett