lørdag 27. februar 2010

Norwegian All-Star

Når sola skin og det er nydeleg vinter ute, må det mykje fin dansing til for å få ein til å ønskje seg ut av kulturhussalen. Dagens show vart veldig underhaldande, med mange flinke utøvarar. Spesielt Aurora utmerka seg, og ho fekk dei gjevaste troféa. Våre håpefulle fekk både medaljar og premiar for nummera dei var med i - Eldstejenta var med i ei litt endra utgåve av Imagine-nummeret frå i fjor, og Nummer 2 var med i Hip-hop-gruppa "Straumshamn crew" saman med fire kompisar i alderen 9 - 12 år. Jentene fekk gullmedalje og 86 poeng, medan gutane fekk 94 poeng og diamantmedalje.

Minstemann fekk vere med Mormor og Morfar heim, og der enda vi òg etter showet og fekk full oppvartning med middag og dessert. Skritt-teljaren min har teke seg ein fridag...

3 kommentarer:

  1. Skulle gjerne sett delar av programmet, men eg var fullstendig ute av stand å sitte i dag. Den handlerunda vart litt for mykje for hofta som ikkje er så bra som eg trudde. Sorry.

    SvarSlett
  2. Slike konkurransar har eg ikkje høyrt om før. Men det seier vel mest om meg?!

    SvarSlett
  3. Kjekke bilder. Sikkert kjekt =)

    SvarSlett