fredag 19. februar 2010

Duppedittar

Eg er ikkje særleg begeistra for dill-dall og duppedittar, men i dag tek eg med eit par døme på to som eg set pris på. Den eine er ein splitter ny skritt-teljar, etter at den som eg kjøpte i Sverige i sommar først brotna og ei stund etter slutta å telje. Den andre er eit "te-egg", forma som ei tekanne på ei brett. Dette er ein souvenir frå Covent Garden, og den bringer fram minner om ein triveleg dametur i fjor haust. Eg har investert i ein ny tesort, så no skal te-egget til pers. Skritt-teljaren skal få kvile til i morgon.

7 kommentarer:

  1. Min skritteljar varte ikkje lenge! Tek i mot tips om kvar ein får tak i ein som verkeleg tel skritt, elles er den berre til ergrelse!

    SvarSlett
  2. Hei og god kveld Margrete:)

    Hmmm... kjøpt i Covent Garden altså.!.? syns det var eit artig gjensyn.. har nemlig ein slik tekanne-dings frå "gymnastida" då vi drakk mykje te...trur den var kjøpt i Volda i si tid... var der ikkje ein slags te-butikk i Volda før-- noken som kan minnast det?
    Marianne

    SvarSlett
  3. No sette du meg på ein tanke: Enn om alle bloggerane fann fram ein duppeditt som dei set pris på -og viser den fram.Eg kan ikkje komme på noko eg har enno, men kanskje ein tanke dukkar opp.

    SvarSlett
  4. Marianne: du meiner kanskje Jubito? Og "Besta" - det var ein idé. Sjølv om eg altså ikkje er så glad i duppedittar.

    SvarSlett
  5. Takk, Jubito:) Stemmer! Huskar du karhenne butikken låg også? Var det Stråbø som dreiv den? Så irriterande å huske så dårlig;)

    SvarSlett
  6. Den låg fleire stader, blant anna der Kardis har butikk og i Snippa, der det er frisør.

    SvarSlett
  7. Jubito hugsar eg godt!
    Eg har ein haug med teboksar derifrå, på loftet?

    SvarSlett