lørdag 25. juli 2009

Upretensiøs laurdagskos


I kveld har eg, i tillegg til mine eigne tre yngste, to kjekke karar i heimen. Det vil seie; avtalen er at storegutane skal ligge i campingvogna på tunet i natt, så eigentleg har eg det stille og fredeleg i huset. No har eg akkurat varma ferdigpizza til gjengen - stort enklare og meir populært kan det neppe bli i ein slik gjeng. Ungane kom, åt, konkurrerte i kven som kunne lage raraste lydane ved hjelp av diverse kroppsdelar, og så forsvann dei ut med eit blidt "takk for mat". Alt ligg til rette for ein triveleg kveld der Gamla er eineherskar over fjernkontrollen til tv'en...

1 kommentar:

  1. Akkurat det siste misunner eg deg litt, for på vår TV er det mykje fotball! Heldigvis(?) har eg ein diger bunke med blad frå Solveig som eg kan sjekke.....+lydbok.

    SvarSlett