søndag 26. juli 2009

Mitt nye liv som Catwoman


Etter eit år som Indiana Jones har Minstemann no lagt hatten på hylla for godt, ser det ut til. Det betyr òg at min karrière som Marian (den minst fjollete dama i filmane) er avslutta, og vi unngår kanskje å springe beina av oss i skogsvegen fordi "kula kommer, vi må løpe!".

Ex-Indiana har rett nok funne seg ein ny helt, og stiller no som Batman. Nummer 2 er the Joker, Nummer 3 er Batgirl, hunden Bau er Twoface og Gamla har fått sitt livs hittil beste rolle.

Var det nokon som lo der ute?

NB: det vedlagde biletet er ikkje av meg...

4 kommentarer:

  1. Må gratulere deg med den nye rolla! Det er vel dette du har drøymt om?

    SvarSlett
  2. Ja, eg må sporenstreks skaffe meg eit dertil eigna kostyme...

    SvarSlett
  3. Har du ikkje slike støvlettar ?

    SvarSlett
  4. I alle fall er det støvlettane som liknar mest på noko relatert til meg...

    SvarSlett