tirsdag 21. juli 2009

Harry Potter-dilla?


Sidan vêret er så som så, tok eg med dei to mellomste og ein kompis av Nummer 2 på kino i Volda i dag. Filmen var sjølvsagt den nyaste Harry Potter-filmen, sjølv om eg må innrømme at det ikkje er min favoritt. Vi har alle dei tidlegare filmane på video og dvd, men eg har aldri sett ein heil film. Det blir litt for langdrygt og urealistisk for meg - sjølv om eg likar Narnia, som er litt beslekta. Eg var derfor ikkje særleg optimistisk då eg sette meg føre i kinosalen, men eg vart faktisk positivt overraska. I alle fall litt. Filmar av dette kaliber er absolutt best på kino, og ein blir då tvinga til å sitje og konsentrere seg om filmen i nesten to og ein halv time utan facebook, måltid eller andre uroande element. Bortsett frå to usannsynleg bråkete gutar som sat rett bak oss, og som eg verkte etter å irettesetje (i og med at mora var med, syntest eg det var hennar oppgåve). Kanskje har eg hatt lærarferie altfor lenge...

3 kommentarer:

  1. Eg såg den første Harry Potterfilmen på kino i lag med 7.klassen min.Eg heldt på å somne enda så dramatisk det var. Men eg får berre innsjå at eg ikkje er i målgruppa.

    SvarSlett
  2. Det var like før eg somna eg òg, på eit tidspunkt, men siste 1 1/2 timen gjekk ganske fort...

    SvarSlett
  3. Audun såg filmen laurdag. Han kalla den middels. Det er vel hans aldersgruppe som har hengt med frå starten. Han las bøkene på engelsk med det same dei kom ut frå han gjekk på barneskulen. Så var det den norske utgåva som han bestilte til den kom ut.

    SvarSlett