onsdag 15. juli 2009

Gamla turar vidare







Dagen i dag vart svært sprek. Først sykla eg ei mil med den eine hunden, deretter tok eg med den andre på tur medan Eldstejenta var på besøk på Sæbø. Eg hadde tenkt meg i Kvanndalen, men hadde inga aning om korleis eg skulle kome meg dit, så eg enda opp med å gå rundt Bjørdalsvatnet. Midtvegs rundt vatnet møtte eg ein hyggeleg kar som kunne forklare meg korleis eg skulle kome meg til mitt nye turmål. Eg skunda meg vidare, og no hadde eg ingen problem med å følgje rettleiinga hans (bortsett frå at eg parkerte der det står "køyring berre ved særskilde løyve" eller noko slikt, lovlydig som eg er) (mannen hadde sagt eg skulle køyre vidare oppover).

Setra i Kvanndalen er prega av vasskraftutbygging, men der var nydeleg kveldssol til eg gjekk nedatt i 22-tida, så noko idyllisk var det. Ein flokk kviger hadde forresten lyst til å vere med nedatt, noko som skremde Bianca (og nesten meg òg, faktisk). Heldigvis kom det ein "bon" oppover som kunne freiste dei innpåslitne kyrne med noko godt - noko vi ikkje hadde planar om.

Treng eg nemne at eg hadde nesten 30000 skritt i dag, i tillegg til syklinga? Det kvalifiserer for eit ekstra kakestykke på café i morgon...

4 kommentarer:

  1. Eg trur faktisk du TRENG mange kakestykke slik som du turar i veg. I Kvanndalen har eg vore berre ein gong. Far din og eg gikk dit etter ei skuleavslutning på Bondalseidet, altså seint på kvelden. Rundt Bjørdalsvatnet har eg gått MANGE gonger; Såg i avisa at 80-90-åringane hadde gått den turen.Då er det litt surt for den som ikkje kan.

    SvarSlett
  2. Såg på nett at tur i Kvanndalen også er mogleg for rullestolbrukarar - då følte eg meg litt mindre sprek. Eg går ikkje så bratt eller så høgt, men eg går faktisk ganske mykje. I går hadde eg med meg min nye ven Mustafa Can på tur, og det var triveleg selskap. Eg er ein ganske god lyttar, og han er glad i å fortelje om livet sitt. Perfekt match :)

    SvarSlett
  3. Den boka er berre SÅ bra -på samme tid som den er lettlesen! Eg synest faktisk å hugse at det var ganske bratt opp i Kvanndalen,men ikkje så langt.

    SvarSlett
  4. Bratt? Nei, ikkje viss ein samanliknar med skogsvegen til Brundalen! Boka er kjempefin - er snart ferdig med den. Kjøpte batteriladar i Sverige og er strålande nøgd.

    SvarSlett