torsdag 16. juli 2009

Bok 44 2009: "After dark" av Haruki Murakami


Dette er den tredje romanen eg les av den populære japanske forfattaren, og det er også den enklaste. Og då meiner eg enkel i tydinga "lett tilgjengeleg". Her er fleire forteljingar knytt saman, men mest sentralt står Mari, som sit på ein nattcafé og les fordi ho ikkje aklar problema heime. Heile handlinga går føre seg i løpet av ei einaste natt, og staden er Tokyo. Tittelen er henta frå ein jazzmelodi, og der er noko visst jazzprega over romanen òg, utan at eg greier å uttrykkje det noko klarare. Det har noko med melankolien og stemninga å gjere, trur eg, og stemma til Nina Woxholtt forsterkar dette.

1 kommentar:

  1. Eg har lese boka, men hugsar lite av den.Men eg hugsar det slo meg at den ikkje var så eksotisk som eg hadde forventa av ein japansk roman. Vi kunne like gjerne ha vore i NY eller ein annan storby.

    SvarSlett