søndag 12. juli 2009

Bok 40 2009: "Om Amor og andre demoner" av Gabriel García Márquez

Etter eit sensoroppdrag fekk eg fornya interesse for magisk realisme, noko som resulterte i ein liten bunke med colombianske bøker frå biblioteket. Den øvste boka i bunken var ei historie om ei jente som vert biten av ein rabiessjuk hund. Ikkje nokon stor roman verken når det gjeld volum eller innhald, sjølv om den omhandla djevelutdriving og ulike kulturar i Karibia. Det beste ved romanen, etter mitt syn, er måten forfattaren etablerer personlegdomane til karakterane på.

1 kommentar:

  1. Eg har leita etter lydbøker av Marquez, men det finst ikkje ei einaste på vårt bibliotek.

    SvarSlett