lørdag 31. januar 2009

"La meg være ond"

For dei som kjenner meg kjem det neppe som noko stort sjokk at eg er engasjert i MGP- trass i at musikksmaken min ikkje samsvarar med den allmenne hop i slike samanhengar. Som ein naturleg konsekvens av mora si interesse er ungane òg benka framfor TV'en laurdagskveldane for tida. Kan hende er det potetgull og popcorn dei er ute etter - kan hende er det ei genuin musikkinteresse. Ikkje veit eg, men dei har i alle fall problem med å oppfatte tekstane slik dei er meinte. Som Minstemann, til dømes, som har si heilt private - og ikkje særleg overtydande - tolking av ein gammal Wenche Myhre-slager.

Hårfint

Ikkje det at eg har noko imot langt hår, men no var gutane og eg så bustete at det var ei gru. I dag var vi derfor til frisør, og så møtte vi Mormor (Bloggen "Besta") og Morfar og fekk selskap på shoppingrunde i Volda og Ørsta. No i kveldinga kjem straffa for at ein har hatt ein sløv dag; her blir det retting til langt på kveld.

Indiana har lagt cowboyhatten på hylla, bokstaveleg tala, sidan han no stiller i blå lugg. Han har allereie bestilt Storebror som stylist til å ha i hårvoks før han reiser i barnehagen på mandag.

torsdag 29. januar 2009

Apropos gårsdagens motto...

I dag stakk Gubben innom jobb med bagett og kake til meg - eg er på kveldsmøte og vart faktisk mykje blidare etter at eg fekk mat...

onsdag 28. januar 2009

"Mamma, skakje me snart finne på noke anna so du sleppe å alltid blogge om de same?"






Nummer 3 er den snusfornuftige i familien. Det er ho som passar på å bere inn "kveikje" når eg skal fyre i omnen, og det var i si tid ho som passa på å smørje inn naboguten med solkrem. Om onsdagane hjelper ho til med å passe Minstemann, som er ei langt hardare nøtt å knekkje dersom han ikkje er i godt humør (noko han heldigvis oftast er). I dag måtte både han og hundane lokkast med julekaker for å bli med inn til demninga ("Knakkesteinane"). Han datt opptil fleire gonger, skrapa seg opp og fekk voksesmerter. Planen var å gå heilt til "Trollskogen", men det kom eit djupt sukk frå Indiana: "MÅ vi gå heilt til Trollskogen? Det e no DRITLONGT!" Heldigvis smiler dei alltid fint når ein dreg fram kameraet, så blogginnlegga ser alltid like idylliske ut.

Dagens motto: sure ungar bør få viljen sin, og dessutan kake (dette kan sikkert med fordel prøvast ut på eldre også).

tirsdag 27. januar 2009

Holocaustdagen

Etter alt eg har sett og lese om utryddinga av jødane før og under andre verdskrig er det vanskeleg ikkje å ha sympati. Haustens tur til Polen og Tyskland forsterka den sympatien som eg allereie hadde med det plaga og forfølgde folket. Spesielt djupt inntrykk gjorde møtet med jødane i kapellet i Auschwitz, som las opp namna på slektningane sine, og som framleis kjende sorg ved tanken på heile slektsgreiner som vart så brutalt og meiningslaust avhogde.

Frå å vere offer har dei israelske jødane no utvikla seg til å bli offensive i kampen mot palestinarane, noko som set sitt preg på den offentlege debatten verda over. Her i Noreg har Mona Levin skulda Kåre Willoch for å vere antisemitt, medan Siv Jensen truleg vil miste stemmer ved å ha forsvart Israels rolle i Gaza.

I Buskerud mobiliserer nynazistane seg for å stille til stortingsval.

Vengestekte pilotar

Når eg i fleire tidlegare innlegg har hevda at eg har verdas beste jobb, har eg sikta til den viktigaste delen av jobben: møtet med elevane. Undervisning er spennande og lærerikt - i alle fall viss ein er lærar - og eg blir stadig fascinert over kor mykje eg sjølv lærer både av fag og om menneske.

Dette innlegget er eit utløp for frustrasjon i høve til ein annan, og stadig meir dominerande, del av skulekvardagen. Nokon har fått det føre seg at ein absolutt skal kaste seg ukritisk på alle bølgjer med stor entusiasme og iver. Kritiske spørsmål og kommentarar vert feia til side, for vi får sjå korleis det går når vi skal evaluere "pilotprosjekta" i etterkant. Demokratiet på arbeidsplassen må vike til fordel for styringsrett; vi er "pilotar" anten vi vil eller ikkje.

Sjølv føler eg meg mest som autopilot.

mandag 26. januar 2009

Lasso rundt herr Jones

Dei finaste stundene blir det sjeldan blogga om. Som kveldsturane våre, til dømes. Oftast går eg aleine under stjernene, eller så er det ein unge eller fleire som har lyst til å vere med. Hundane er med som påskot for å få frisk luft og mosjon.

No i kveld var det dei to yngste og eg som lufta hundar. Nummer 3 hadde hovudlykt på, og vi hadde mykje moro med å lage monsterskuggar på vegen. Og så var unge Indiana "tyv", og Nummer 3 var politi saman med politihunden Bau. "Tyven" vart fanga og bunden med hundeband, men han var snar å rømme. Det hadde vore praktisk om alle andre "tyvar" hadde vore like godt utstyrde med refleks.

søndag 25. januar 2009

Søndag i skogsvegen




Sola har ikkje kome til gards enno, men i skogsvegen får ein eit glimt av kjærkomne strålar. Det var ein nydeleg dag i dag, og dei tre yngste gjenoppdaga ein stad der dei plar skli på is. Resten av søndagen har gått med til relativt trivielle syslar; sjølv har eg stengt meg inne i kjellarstova med elevstilar og anna skulearbeid.

lørdag 24. januar 2009

15-årsfeiring på Hareid



Her er nokre glimt frå dagens feiring av Nevø 3, som nyleg vart 15 år. Minstemann fekk ein ny helt i dag, men Nevø 2 greier vel ikkje heilt å danke ut Indiana Jones - enno.

fredag 23. januar 2009

Gamla oppsummerer veka på ti minutt

Mykje av det som har vore aktuelt i media siste veka vart i dag tema for norskundervisninga i VG3-klassen min.
  • Kvifor måtte Obama sverje eiden på nytt - og korleis kom han ut av denne "bommerten"?
  • Kvifor er det så viktig å få fram at presidenten er kristen, når USA er eit kulturelt mangfaldig land utan statsreligion?
  • Kvifor er det eit poeng at han held på mellomnamnet sitt?
Og når vi snakkar om namn:
  • Kvifor er Finn Erik Vinje så kritisk til namna som Märtha Louise og Ari har gjeve døtrene sine?
Og apropos Ari Behn:
  • Kvifor bruker han krigsmetaforar i utspelet mot Carl-Erik Grimstad?
Spennande spørsmål på ein fredags ettermiddag, og temmeleg sikkert tema for kveldens "Nytt på nytt". Gamla er snart klar for ein slapp kveld i godstolen...

Bok 5 2009: "Om skjønnhet" av Zadie Smith


Tittelen på denne boka er noko misvisande; "Om rase" eller "Om klasse" kunne ha peika tydelegare fram mot tematikken. Innhaldet er lagt til universitetsmiljø, der ein får innsyn i intrigar, ekteskapsproblem og ikkje minst problematikken rundt det å vere farga. Ein møter svarte intellektuelle og svarte hip-hopparar - i tillegg til mange vakre, svarte kvinner. Boka er lett å lese, og innhaldet er på mange måtar både underhaldande og engasjerande. Å høyre den som lydbok på norsk gjer at ein går glipp av dei ulike engelske sosiolektane, så eg burde ha lese den på originalspråket for å få fullt utbytte av lesinga.

onsdag 21. januar 2009

Gjett kva vi hadde til middag!

Men cowboyhatten min får du aldri






Det er ikkje berre frisk luft og mosjon som er poenget med å gå tur på fridagen. Ungane og eg har ofte gode samtalar, og i dag var det mellom anna vatn som var temaet. Vi er heldige her på desse kantar fordi vatnet er så reint at vi kan drikke frå bekken om vi blir tørste på tur. Og så kan vi ete "isjuklar" når vi finn det. Vatnet i byane smakar berre metall, sa Nummer 3, for det hadde ho kjent på Folkestad.

Unge Indiana storkosa seg i "Trollskogen" (eg trur plassen heiter Kriken, men vi har dikta nye namn etter kvart som vi har utforska terrenget), og vi slapp unna ei regnbyge ved å gå inn i den tettaste skogen. Noko påverka av ein av dei siste Indiana Jones-filmane utvida Minstemann repertoaret sitt og ville vere nazist. Etter ein liten pause kom det: "ej e nazist med cowboyhatt".

tirsdag 20. januar 2009

Dag med historisk sus


Det blir sagt og skrive så mykje positivt og fornuftig om Obama i dag at eg umogleg kan ha noko å tilføye. Dette vesle innlegget er berre ei lita privat markering av den store innsetjingsdagen. Verda ventar med spenning på om den nye presidenten verkeleg kan utrette noko, eller om han berre er ein fantastisk retorikar. Eg håpar ein vil hugse han for politikken han står for, ikkje berre som "den første svarte presidenten", sjølv om det i seg sjølv er ein siger for alle i USA med slekt frå andre verdsdelar enn Europa. Innsetjingstalen var eit frieri til folket om å stå saman og ta i eit tak i desse vanskelege tidene, og er det nokon som kan samle folket i USA, så må det vere Obama.

Bok 4 2009: "Meg eier ingen" av Åsa Linderborg


Det er mange som har skrive om sin eigen tragiske barndom med alkoholiserte og ufornuftige foreldre. Frank McCourt er berre ein av dei som har fått suksess med bakgrunn i ein ulukkeleg oppvekst. I Linderborgs roman møter vi ein alkoholisert far som trass i at han er glad i veslejenta si, ikkje greier å ta seg skikkeleg av henne. Berre fordi familien elles dekkjer over og hjelper dei med klesvask og matlaging, kan dei greie seg gjennom dagane. Samtidig som faren vert skildra som skiten, uappetitteleg og totalt utan fornuft, teiknar Linderborg eit kjærleg portrett av ein stolt arbeidar med humor og ein viss integritet. Tittelen seier noko om korleis faren sette sine eigne standardar i livet, og korleis dottera faktisk beundrar han litt for det. Ei rørande bok til ettertanke!

søndag 18. januar 2009

Blue eyes

Fin song her

Yndlingsrett (ein av dei mange)


Helga har gått med til huslege syslar, skulearbeid og lufting av hundar. Eigentleg har vi hatt det uvanleg roleg eit par helgar på rad, men det er vel like før det brakar laust. I komande veke er det foreldremøte både i jobbsamanheng og som pårørande, og kabalen skal gå opp til slutt. Sjølv sat eg lenge med særemnerapportar i dag, så gjekk eg meg ein lang tur for deretter å kome heim til ferdig middag: erter, kjøt og flesk. Restane av eit spekelår, noko fåreribbe og svineribbe vart kokt saman med gule erter, rabbe og gulrot. Attåt hadde vi kokte poteter, og suppa fungerer også som "saus" på potetene. Retten er eit barndomsminne frå Ørsta, då pappa av og til kokte middag medan mamma......... gjorde skulearbeid.... Er det dermed ein tradisjon at kvinnene i familien sit med nasen i ei bok medan mennene sveittar over grytene? Ikkje veit eg - men godt var det i alle fall, og det fall i smak hos alle borna.

Gratulerer Nevø nummer 3


Biletet er frå august, då Nevø 3 og Niesa var her på feriekoloni. Guten som i dag blir 15, er ein aktiv fyr som er glad i å vere ute, bade og fiske. Slik sett passa det godt å kome hit på tur! Vi hadde det også kjekt ilag på ferietur i Sverige i juni i fjor, då badeland var det mest spennande. Ungane her likar fart og spenning, og det gjer Nevø 3 òg. Når eg ser på det vedlagde biletet, kjem eg på hans periode som "Woody" frå "Toy Story". Han gjekk rundt i rutete skjorte og farens gamle speidarhatt - ikkje heilt ulik vår eigen "Indiana" på den måten. Vi gratulerer så mykje med dagen, og så tek vi att feiringa neste helg!

lørdag 17. januar 2009

Finst det verkeleg 13 vinglade damer i denne vesle bygda?



Javisst gjer det det! Fleire også, faktisk. Denne fredagen var vi altså 13 til bords inne på Brauta. Vi fekk servert Lasagne og australske raudvinar, praten gjekk og latteren sat laust. Vertinna fekk overlevert permen til å setje inn informasjon og bilete i - planen er at vi skal sitje på sjukeheimen og mimre om mange, mange år...

torsdag 15. januar 2009

Bok 3 2009: "Køyre frå Fræna" av Lars Petter Sveen


Sidan forfattaren kjem til skulen snart, var det påkravd at eg las denne vesle novellesamlinga. Tekstane kan minne litt om Levi Henriksens "heimstaddikting", men skiljet mellom realisme og eventyr er meir uklart. Temaa er dessutan veldig varierte, men samliv og politikk går att. Elevane er blitt bedne om å lese "Falle frå kvarandre" og "Elva", og begge dei novellene handlar om å leve med å ha gjort noko frykteleg. Den eine hovudpersonen har kjørt ihel kameraten sin og sjølv blitt lam, medan den andre jagar ein asylsøkjargut så han fell i elva og druknar. Ikkje akkurat grensesprengjande tematikk, men tankevekkjande skrive. Språket er lettlesen nynorsk med få og små innslag av dialekt. Alt i alt ei god bok, og eg er spent på å møte opphavsmannen, som forresten har fått eit debutantstipend etter at boka kom ut.

onsdag 14. januar 2009

Bok 2 2009: "Havets katedral" av Ildefonso Falcones


Sjølve forteljinga i denne omfattande romanen (meir enn 600 sider) er enkel, og grensar nesten mot det banale. Når ein likevel blir engasjert og les ivrig vidare, er det på grunn av det historiske bakteppet. Her får ein høyre om pest, inkvisisjon og dårleg behandling av jødar, og ein lærer mykje om byen Barcelona, som eg fekk utruleg lyst til å besøke...

Strålande fridag




I dag var det ein nydeleg dag! Det er ofte fint ver på onsdagar, har eg lagt merke til, og det passar utruleg bra for meg som har fri. Dei to yngste og eg tok med hundane på tur i skogen, og etterpå har vi hatt besøk av fire kjekke gutar i tillegg til at Nummer 2 har kome heim frå skulen. Nummer 3 må finne seg i å vere einaste jenta i flokken, men det taklar ho fint. Dessutan skal ho på ballett og dyrke sine feminine kvalitetar seinare i dag.

mandag 12. januar 2009

Eplet og stammane


Det varmar mors og fars hjarte når Storeguten kjem heim med prosjektet sitt i norsk, og han har valt Whitesnake som emne. Det gjer òg godt å høyre at han vurderte alternativa Metallica og Iron Maiden. Eller Eric Clapton, som vi vel å seie han er oppkalla etter.

Dagens tekst

I den eine norskklassa "mi" hadde vi i dag om å skrive meiningane sine. Læreboka tek mellom anna føre seg debattinnlegg og artiklar, men ordet "blogg" førekjem òg, såvidt. Midt i økta synte eg dei nokre døme på at bloggar ikkje treng handle om dagsaktuelle tema, men like godt kan handle om mote, handarbeidsprodukt og gamle symaskinar. Eg synte dei deretter mitt eige blogginnlegg om dei, frå 13. oktober 2008. Fleire av dei har eller har hatt eigen blogg, og eg håpar dei vil halde fram med det, og at eg får vite om fleire adresser etter kvart.

Norskboka har delt kapitlet om meiningsytring inn i å snakke og å skrive, men vi snakka vidare om andre måtar å ytre meiningar på. Kva med å bere ein fakkel i eit tog, til dømes? Eller å vere den einaste som ikkje gjer Nazi-helsing på ei massemønstring for nazistar? Kva med å løfte ein mulla?

Av og til kan det å teie stille og gjere ingenting vere ei ytring det òg - det veit vi lærarar mykje om. Ein kollega fortalde i dag om ei oppleving frå eiga gymnastid, då elevane ommøblerte klasserommet og sat med ryggen til då læraren kom inn. Dagens elevar gjer ikkje slikt - dei er fantastisk greie og hjelpsame, sjølv når læraren slit med videokanonar og gjenstridige lerret.

Eg har verdas beste jobb!

søndag 11. januar 2009

London Dungeon 1996


Hausten 1996 var 36 lærarar ved U. vgs på kollegatur til London, og mi gode kollegavenninne W og eg skulle ein tur på eiga hand til London Dungeon. Eg hadde tidlegare vore på York Dungeon eit par gonger, så eg hadde førebudd W på at vi mellom anna ville få sjå modellar av torturmetodar som katolikkar og protestantar brukte mot kvarandre. W var knisande smånervøs og dreiv og laga skumle grimasar til meg på veg inn, men vart sjølv så vettskremd då ein kappekledd mann kom fram og sa "tickets" med hes og skummel stemme, at ho let meg gå inn aleine medan ho venta utanfor. Slik gjekk det til at eg (gravid med Nummer 2, forresten) gjekk gjennom heile London Dungeon aleine. Der fekk eg sjå dei nemnde torturmetodane, vere med på ei halshogging og lære mykje nytt og spennande om Jack the Ripper. Heldigvis er eg verken mørkeredd eller lettskremd (ok, sett bort ifrå nokre vonde minne frå Liseberg).

lørdag 10. januar 2009

London calling - again


No har eg kjøpt billettar til eldstejenta og meg sjølv, så i vinterferien reiser vi nokre dagar til London! Det har vore ein draum for oss begge å kunne reise dit saman, og no blir det realisert. Eg har, i tillegg til fly og hotell, også kjøpt billettar til "Billy Elliot" og "Les Miserables". No står det att å finne ut kva anna vi skal finne på - "Madame Tussaud's" og "London Dungeon" er blant dei heitaste tipsa så langt, men her skal det lesast og surfast, må vite!

Stormy weather



Etter ei travel veke på jobb, der eg no har fått 15 % vikar-undervisning i tillegg til den 90 % stillinga eg vanlegvis har, vart det ekstra kjærkome med fri. Sjølv om det er rikeleg å gjere både av skulearbeid og husarbeid, er det altfor freistande å gå tur. Skitur var uaktuelt i dag på grunn av sterk vind, men ein tur i skogen vart det høve til.



onsdag 7. januar 2009

1 år med blogg



Årets første fri-onsdag kom med nysnø på bakken og sol i fjella (vi er utan sol her i ein månad til). Dei to største nabogutane og mine tre yngste har vore ute og leika, aka og herja på i snøen, og sjølv har eg vore ute såpass at eg fekk meg ein tur på sparkstøtting med Minstemann og ein hund (den andre hunden får ein lengre tur til kvelden). Og så er det mykje å passe på når snøen kjem; småfuglar og hestar finn seg ikkje mat, til dømes.

I dag er det eitt år sidan eg oppretta denne bloggen, og eg veit at nokre eg kjenner og slekta no kan følgje med i kva som skjer i livet til familien her. Samanlikna med andre bloggar som eg les, er her lite motestoff og utstilling av handarbeidsprodukt, og så legg eg sikkert ut altfor mange bilete av familien. Poenget må vere at ein gir bloggen sin eit personleg preg, men at ein ikkje blir altfor privat. Sjangeren minner mykje om "julebrev", som eg ikkje skreiv til denne jula. Det får vere grenser for å påtvinge folk informasjon...

mandag 5. januar 2009

Hund i fårete klær

Bok 1 2009: "Five Chimneys" av Olga Lengyel


Dette er nok ei bok om Auschwitz, skrive av ei som overlevde, men som mista foreldre, ektemann og to søner i Auschwitz Birkenau. Spesielt sterkt er det at ho i eit forsøk på å spare den eldste sonen for hardt kroppsarbeid sende han rett i gasskammeret. Igjen får ein innblikk i kva makt kan føre til av sadisme, og kva den fryktelege behandlinga av fangane kunne føre til av moralsk forfall. Mot slutten av boka kommenterer Lengyel at ho såg døme på at menneske beheldt verdigheita trass alt, og at dette gir henne håp for menneska.

søndag 4. januar 2009

Årets første skitur


No skal eg ikkje trøytte ut lesarar med altfor mange innlegg med tittelen "årets første..." - eg ser faremomentet i at det kan bikke over i det parodiske - men i dag var vi altså endeleg på ski igjen. I går kjørte dei to eldste og eg over Stigedalen til Eid, og då såg vi løypene ligge der og vente. I dag fekk vi endeleg sjanse til å teste årets snø; veret var flott med sol på fjelltoppane og 13 minusgrader (i alle fall 10 for mange til å kunne setje seg ned og kose seg). Gubben og Minstemann vart ikkje med så langt innover, men vi hine gjekk til Sagesetra og attende. Det er muleg at eg kjøper meg nye vottar i morgon.

lørdag 3. januar 2009

Heimekino

Fredag kveld hadde dei tre eldste og eg ein skummel kveld då vi i ei bekmørk kjellarstove sette i gang "Sweeney Todd" - ein skikkeleg splatterfilm med Johnny Depp i tittelrolla. Ungane sat mykje bak puter og pledd då blodet spruta på det verste, men ingen hadde mareritt natta etter (viss vi ser vekk ifrå han som drøymde at han dansa hiphop og gjorde mykje feil og ho som drøymde at ho gifta seg med ein mørkhuda mann). Laurdag kveld sit heile familien benka i stova med popkorn og potetgull og skal sjå "Prins Caspian". Mottoet mitt er: det er betre med gode filmar enn med dårleg TV.

fredag 2. januar 2009

Årets første sparktur


I kveld har jentene, Minstemann og eg vore på tur med hundar og sparkstøtting. Hundane fekk eit merkeleg ganglag på heimveg, og årsaka til det viser på biletet over.