lørdag 22. november 2008

Stormfull jubilant


I dag var det ein ny jubilant på gang, ei av "heksene" frå Halloween, og planen var at vi damene skulle gå ut på "Dance with a stranger" i Volda. Først var vi på kinarestauranten "Landscape", der vi fekk eit bedre måltid. Deretter kom vi til "Rokken", der vi vart møtte av ein plakat der det stod at konserten var avlyst. Berre halve bandet var på staden på grunn av det dårlege veret, og då gadd ikkje resten å spele heller. Salen var full av kjekke folk som tok det heile med ei viss fatning, sjølv om det var irriterande å reise den lange vegen i uvêret.

2 kommentarer:

  1. Kjenner eg dokke rett så vart det vel rett heim.....
    Skuffande å ikkje få høyre, og ikkje minst sjå, ELG-ein av mine favorittar in a dark november night.

    SvarSlett
  2. December night... Ikkje akkurat rett heim, nei, men ikkje så seint heim heller. Nabo-Nina kjørte, og då vart det lettvint å følgje henne heim. Vi såg Dance with a Stranger i fjor, som oppvarming på Toto-konserten, og det er utruleg flott live-musikk. Og så er det no kjekt å mimre, då. Eg hugsar då Everyone needs a friend sometimes kom, og Gubben kjørte skulebuss til Hovdebygda før og etter skuletid på vidaregåande. Eg brukte å sitje på av og til, og då var det den songen eg sette på, til stor åtgaum. No bruker eg den som påminning om den grammatiske regelen om tredjepersons-s i engelsk, saman med andre titlar som "Nothing compares to you" og "Everybody hurts"...

    SvarSlett