fredag 28. november 2008

Snart jul?

Noko av det verste ein kan gjere mot ei overarbeidd firebarnsmor på denne tida av året, er å fortelje at ein er ferdig med å handle julegåver. Nesten enda verre er utsegner om kva som "må til" av heimelaga mat for at det skal bli skikkeleg jul. Her i heimen er vi ekstremt seint ute i år, og eg kjenner at stresset sig innover. Då er det greitt å ha noko unnagjort, og eg kan endeleg seie meg ferdig med ei totalt usmakeleg utsmykking av denne bloggen. No er det berre resten av heimen som står att.

9 kommentarer:

  1. Usmakleg? Eg hadde denne bakgrunnen i går, men fann ut at det var for tidleg. Og kva tid vart julepynt "smakfullt"?
    Det vert jul uansett! Eg har ikkje kjøpt ei einaste julegåve enno, varene vert billegare for kvar dag. Til lenger ein ventar til meir får ein for pengane.

    SvarSlett
  2. Det er den tredje irriterande tingen ein kan seie: "det blir jul uansett"... Nokon må lage til, nokon må handle, nokon må tenke ut (og eg trur eg veit sånn cirka kven)

    SvarSlett
  3. Eg har i alle fall ei brasiliansk og ei Karstens til deg, og så skal eg steike krumkaker. Ikkje at eg trur det løyser alle problem........
    Eg prøver å gjere det eg greier,og det er ikje så mykje.

    SvarSlett
  4. Endå ein irriterande ting: Hallo, det er november endå!!! Slapp av!!
    Eg har vore på adventskonsert i kyrkja, og det gav fred i sinnet en stakket stund..

    SvarSlett
  5. Ja,det er viktig å finne roa. Då får heller noko av maten vere ferdigkjøpt og pynten litt seint ute. Heldigvis får ein feire litt ilag med elevane òg, innimellom tentamenane.

    SvarSlett
  6. Eg var på COOP og såg at Bertha hadde baka småkaker og der varlefser i frysaren og søst i hylla. Det meste (av mat) får ei kjøpt-og her i huset har julematen ein tendens til å vare til påske.Det verste eg høyrer:"Det blir ikkje jul utan......." t.d. heimelaga sylteflesk

    SvarSlett
  7. Eg har ikkje fjort noko til jul enno. Trur eg skal skrive mitt eige innlegg.....

    SvarSlett