tirsdag 11. november 2008

The slave becomes the master


Eg har alltid vore glad i musikk, og spesielt i gode songtekstar. I barndomen lærte eg mykje engelsk ved å lese utanpå innercovera på Beatlesplatene i heimen, og i vaksen alder har ofte tekstane vore avgjerande for kva musikk eg har hørt på. Dette er likevel ein regel med mange unntak. Eit favorittband er Whitesnake, og tekstane deira er temmeleg enkle variasjonar over eitt tema. AC/DC er heller ikkje kjende for å ha djuptpløgande poesi. Deep Purple, The Doors og Aerosmith har derimot mange vakre og poetiske tekstar. I fjor hørte eg mykje på My Chemical Romance, og det sjokkerer meg litt at ein kan lage så fin musikk med så dystre tekstar ("Cancer" er eitt døme). For tida hører eg mykje gammal musikk på youtube, og då slår det meg at musikken frå min oppvekst ikkje er så nær knytt opp mot musikkvideoen som dagens musikk er. Eg må berre le av ein del videoar frå 1970- og -80-talet, og til tider tenkjer eg at band som Nazareth aldri ville ha slått gjennom i ein mediesituasjon som den vi lever i no, og kanskje heller ikkje Queen. For tida hører eg mykje på den siste plata til Metallica, eit band som har hatt suksess utan å sjå særleg bra ut. Tekstane har eg nesten ikkje fått med meg. Av og til er det berre eit litt sårt "gitarriff" som skal til for at ein skal bli gripen.

1 kommentar:

  1. Eg er i den situasjonen at eg får lite med meg av tekstane, anten dei er på engelsk eller norsk. Av og til går eg inn og leitar opp "lyrics"-har fått mange overraskingar der.
    Elles oppdagar eg stadig, for meg, ny musikk og nye artistar på Youtube.Eg spelar musikk på data mens eg "dreg i snora". Tekstane til Beatles er eg relativt godt kjend med etter at ungdommane i huset kjøpte to dobbeltalbum i si tid.

    SvarSlett