mandag 24. november 2008

Minstemann 5 år


Unge Indiana vart fødd, ti dagar på overtid, ein månad før jul i 2003. Han var ein skikkeleg skrikarunge den første tida, noko som har medført at han styrer familien med humør og leggetider. Til dagleg er han blid og underfundig, og han kjem stadig med kommentarar og livsvisdom som underheld oss hine. Eldstejenta er favoritten blant søskena, men dei to andre står òg høgt i kurs. Det var Nummer 3 som lærte han å lese, for eit halvt år sidan. Nummer 2 er flinkast til å herje, sjølvsagt, og dei har ein eigen fellesskap i det å vere gutar. Minstemann har alltid vore oppteken av menn, og på samankomstar har han fleire gonger gått bort til framande menn og sett seg på fanget deira og tatt ein mannfolkprat. Som mor er eg litt bekymra for at veslebarnet mitt skal begynne på skulen til hausten, i ein alder av 5 1/2, men sjølv er han motivert - i alle fall for å gå på SFO. Det blir ikkje feiring anna enn i barnehagen i dag, på grunn av stramt tidsskjema i går, men vi tek det att ved høve. Gratulere kan vi no gjere uansett!

2 kommentarer:

  1. Gratulerer med minstemann!! Eg kan forstå at du er bekymra for skulestart i ein alder av 5 1/2 år. Eg er glad for at Henning kjem til å vere 6 1/2 når han begynner. Mange fordelar med å vere født tidleg på året. Bjørnar er født i slutten av oktober, og eg kan hugse at han sovna på sofaen kvar ettermiddag. Men han gjekk i ei klasse med rundt 25 elevar,og 15 av dei gutar. Det blir vel ei mindre klasse for Erlend? Flott at han har lært å lese av storesøstra. Henning er begynt å interessere seg for bokstavar no, og eg trur det er Kristine som har inspirert han.

    SvarSlett
  2. Erlend blir ein av fire i klassa, med berre ei jente. Dei skal sikkert vere saman med klassa over ein del av tida. Når gale skal vere, så er i alle fall Erlend veldig trygg i og med at han kjenner dei aller fleste ungane på skulen, og han skal ha to eldre søsken der til å ta seg av han på bussen til og frå.

    SvarSlett