onsdag 5. november 2008

Frionsdag i ordets rette meining

I dag kjørte Gubben oss hine opp skogsvegen. Unge Indiana hadde litt problem med å akseptere at hatten måtte bli att heime, men vi klarte til slutt å overtyde han om at den ekte Indiana Jones iallfall heiar på Liverpool. Deretter gjekk vi i Brundalen, der det låg eit tynt islag på vatnet. Veret var fantastisk, med strålande haustsol og klar luft. Nedatt gjekk vi stien ned til Lisjedalen, over Geildalen og nedatt skogsvegen. Indiana var uvanleg sprek i dag, og gjennom heile turen forklarte han Nummer 3 og meg kvar vi var hen i filmen, supplert med utbrot som "kula kommer! vi må løpe!". Høgdepunktet på turen var då vi skulle over den islagde brua, og Gamla kommanderte ungane til å krype over. Vi såg sikkert ut som Bukkane Bruse.


3 kommentarer:

  1. Den turen skulle gjerne ha vore med på! Nydelige bilde forresten.Sjølv har eg stort sett site og strikka etter trening+shopping, med ryggen mot dei stygge vindua. I morgon skal vi lage fiskekaker.

    SvarSlett
  2. Sol i dag?
    Her har det lagt grauttjukk skodde. Vi har ikkje sett nabofabrikkane.

    SvarSlett
  3. Her var skodde om morgonen, men den for vel utover!

    SvarSlett