mandag 3. november 2008

Festivolda

Den festlege overskrifta viser til ei kultursatsing som akkurat pågår i kommunen. Sist fredag fekk eg sjå teater som del av denne satsinga, og i dag var nummer 2 og eg på kyrkjekonsert med elevar frå kulturskulen. Mange flinke barn deltok på diverse instrument og song, og no er nummer 2 blitt så stor at han slepp å bruke foten for å få heilt ut "handtaket" på trombonen. Det er ikkje så lenge sidan eit ambisiøst prosjekt med kulturhus- og hotellbygging vart stogga i kommunen, men kultur har vi. Enn så lenge.

5 kommentarer:

  1. Her er det stemneveka, alltid veka etter haustferien, som er den store satsinga. Kjekt med kultur denne årstida.

    SvarSlett
  2. Apropos kultur:Det er alltid noko å feire, noko å sjå fram til. No gler eg meg til å feire antibiotikadagen, den 18. nov.

    SvarSlett
  3. Hmm... Korleis skal den feirast?
    Temafest?

    SvarSlett
  4. Blir nok avlyst pga sjukdom...

    SvarSlett
  5. No kom eg på han som var på legeball og kledde seg ut som penicillin.

    SvarSlett