onsdag 12. november 2008

Frionsdag igjen





Det vart tur i Brundalen i dag òg. Gradestokken viste +1,5, og det var fint å gå på frose underlag. Ungane hadde mykje moro med isen som låg som flak på vatnet, og ingen var tørre eller varme då dei kom heim. Bakteriar hadde dei fått i seg i rikeleg monn, det er eg sikker på, så kor sunt det er å gå tur er noko uvisst. Men kjekt er det i alle fall.

5 kommentarer:

  1. Det er deilig å kome seg ut midt på dag. Her var det mørkt då eg for på jobb, og høljregn då eg for heimatt i halvmørkna.

    SvarSlett
  2. sa Solveig med feil innlogging

    SvarSlett
  3. Ja, no vart eg litt forvirra av namn, bilete og tekst... Beste som er med fridagen, det, å få nyte dagslyset, som det no minkar på. Sola er bak fjella no, men ute på tur kan ein finne sol. Ungane er blitt så spreke at det ofte er vi gamlingane som endar opp som baktropp.

    SvarSlett
  4. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  5. Å lære ungane å vere ute i naturen og få dei til å sjå alt det fantastiske der, er kjempegod lærdom å få med seg heimanfrå.Og NO synest eg det er herlig å få vere ute litt same kva slags ver det er. Vi var tidleg oppe i dag, då var veret nydelig, dessverre varte det ikkje så veldig lenge. Og dagane er korte, ikkje før hadde vi ete middag, så begynte det å skymast. Men pappa rakk å sette garn før det vart mørkt.(Det var eg som sletta mitt eige innlegg, begynnelsen var ikkje med.)

    SvarSlett