torsdag 20. november 2008

Bok 40: "Mørkemannen" av Unni Lindell


Denne boka fann eg varm omtale av på Systa sin blogg, men EG vart IKKJE imponert. Etter å ha kika litt på bokmeldingar her og der, fann eg ei på nrk som oppsummerte omtrent det eg tenkte. Det er ikkje truverdig nok, ikkje verken psykologisk eller noko anna. Det einaste eg fatta interesse for i boka, var skikkelsen Marian Dahle (og hunden hennar). Mot slutten blir ho også overforklart, og då vart det også kjedeleg. Sorry - denne traff ikkje meg, ortentrovaag.

4 kommentarer:

  1. Det einaste eg har høyrt om denne boka, var einkvan som sa at den var betre enn boka som Karin Fossum kom med i år.No er eg ingen stor beundrar av Unni Lindell, men lat meg få tak i lydbokutgåva så skal eg avgjere "striden".
    Apropos så såg Ingeborg og eg siste Varg-filmen i kveld, og vi var enige:Dårlig. Kjedelig.Unnskyld, Solveig:Takk for lånet!

    SvarSlett
  2. Det er ikkje min film... Det er ungdommane som kjøper dei etter kvart som dei kjem ut. Eg har sagt at dei er best på lydbok. Skal tru kor tid eg får tak i siste Staalesen!? Den gler eg meg til.

    SvarSlett
  3. No har eg lagte deg til i blogglista mi

    SvarSlett