torsdag 30. oktober 2008

Polenkveld


I kveld var det Polenkveld på skulen, og familien her møtte mannsterk opp med mor, småsøsken og fire besteforeldre. Tiandeklassingane hadde førebudd power point presentasjonar om turen vi hadde tidlegare i haust, og så kom studentane og Gamla på banen (eg på vegner av foreldra). Det tok si tid, for å seie det mildt, men eg må seie eg er imponert over ungdomane. Som lærar meiner eg at det å legge fram ein presentasjon er noko av det nyttigaste ein lærer på skulen i våre dagar, og Folkestad skule let alle kome til orde. Tiandeklassingane har fått mykje kunnskap, mange inntrykk og fantastiske minne som eg føler meg privilegert over å kunne ta del i.

2 kommentarer:

  1. Ser at kommentaren eg skreiv i går ikkje er komen med.Eg vil seie at elevane var veldig flinke og engasjerte, men at LÆRARANE burde begrensa somme innlegg i tid, for det vart lenge å sitte for dei som har problem med det, og for andre også. For meg vart høgdepunktet Gamla sitt sluttinnleggg, der ho fortalde frå sjølvbiografien til Rudolf Heiss.Det sette eit verdig punktum for programkvelden.

    SvarSlett
  2. Takkar for den - eg var redd eg vart den som fekk det heile ned på jorda att etter ein del morosame innslag, men trass alt er det alvoret vi skal ta med oss vidare.

    SvarSlett