torsdag 9. oktober 2008

Låra til systa


Slektningar som les bloggar, vil allereie ha fått med seg på tre andre bloggar (!) at vi har vore på Hareid i dag. Dei vil dessutan også ha sett biletet, som eg rappa frå niesa mi, og dei vil vite at Systa diska opp med nydelege lammelår for verkeleg å feire haustferien. Kommentaren frå min minstemann var: "dette er nesten som ein fest", og vi vart litt usikre på kva som mangla. Det var i alle fall ikkje diskusjonstema eller duplo, for å seie det slik. Det var forresten første gongen eg kjørte Eiksundtunnelen, og det i Vivaro! Eldstejenta heldt på å le seg i hjel fordi eg kjørte så sakte, først rundt Austefjorden og deretter under havet, og ho trudde meg ikkje då eg peika på nåla, som faktisk viste 80 opp til fleire gongar. Takk for i dag, folkens - no blir det vel ikkje treff før vi begynner med bursdagsfeiringane i november!

2 kommentarer:

  1. Eg sende bilde på nyemåten, men fekk dei i retur. Eg må vel sende eitt om gongen, eller bruke familieadressa. Send meg gjerne ein mail derifrå, så får eg legge den inn på nytt.

    SvarSlett
  2. Fekk ein liten stuss då eg las overskrifta. Det var vel meininga? Men eg er ikkje treigare enn at eg fostod kven sine lår du sikta til.

    SvarSlett