søndag 26. oktober 2008

Korpsbasar med aspirantdebut








Noko av det ein måtte venje seg til då ein flytta på landet, var basarlivet, med alt det inneber av åresal, matsal og underhaldning. I dag var det korpsbasar på Straumshamn, og nummer 3 debuterte saman med dei fem andre som begynte på musikkskulen i haust. Dei var skikkeleg flinke, og korpset var mykje betre enn sist eg høyrde dei. Gubben var som vanleg engasjert i opprop av vinnarnummer, Eldstejenta selde årar, nummer 3 delte ut gevinstar og Gamla selde mat.

3 kommentarer:

  1. Det er eit styr med det, men det har sine sider. Eg tenkjer då mest på barna som blir integrert i eit relativt lite miljø, der alle kjenner alle.Det gir ei viss tryggheit både for barn og foreldre vil eg tru.

    SvarSlett
  2. Skifta adresse til: www.kosekanin.blogspot.com

    SvarSlett
  3. Det er no lurt å få alle inn i same korpset....

    SvarSlett