søndag 12. oktober 2008

Bok 36: "Frimureri - Mysterier Fellesskap Personlighetsdannelse"


Då eg såg denne boka av Sverre Dag Mogstad på biblioteket, måtte eg berre lese den. Med "Da Vinci koden" av Dan Brown og "Kainaan" av Kim Småge i bakhovudet var det berre uimotståeleg freistande å få innsyn i frimureriet. Men eg skulle ha lese litt meir nøye på baksida, der det blant anna står at boka gir ei "nøktern og veldokumentert" skildring. Tidenes underdriving, spør du meg. Men så er det vel ikkje så vanleg å skrive "gørr" på baksida av bøker som ein, trass alt, skal prøve å selje.

2 kommentarer:

  1. Eg las Kainan for fleirfoldige år sidan. Sat oppe nesten heile natta og las fordi den var så spennande. Synest det er litt betenkelig at fleire i nærmiljøet er frimurerar. Likar ikkje "hemmelige" organisasjonar!

    SvarSlett
  2. Inntrykket mitt har tidlegare vore at frimureriet var litt spennande, men no trur eg berre det er ein gjeng gubbar - omtrent like spennande som ein gubbegjeng som ser fotball eller diskuterer jakt...

    SvarSlett