onsdag 15. oktober 2008

Besøk av kompis


Sidan det er lange avstandar her på landet, må særleg dei yngste ungane organiserast og fraktast dersom dei skal ha noko samkvem utanom barnehagetid. I dag hadde Minstemann besøk av sin aller beste kompis, og det har blitt hopping i høy, mating av hestar, gøyme og leite i løda, lego og duplo og gode greier. Nummer 2 og 3 var òg heime, så dei var med i leiken samtidig som dei såg etter smågutane. Vi mødrene fekk derfor ein lang og fredeleg prat medan leiken stod på, og enden på visa var at vi avtalte å bake julemenn saman seinare i haust. Når det gjeld mote her på landet, går det i hatt og pistol, som de ser.

3 kommentarer:

  1. Det er ein herleg alder! Slik har alle tre her gått rundt. Pistolleiken må ut i rette alderen!

    SvarSlett
  2. Mora til den andre guten flira av meg - miljøpåverka som eg er, seier eg nemleg "skytar"...

    SvarSlett