tirsdag 14. oktober 2008

"Andvake" som lydfiler

Etter ein del irritasjon og klussing har eg fått oppdatert Windows Media Player på maskina mi. Dette innerber mellom anna at eg får opna desse lydfilene med opplesing av den før opptil fleire gonger nemnde boka av Jon Fosse. Enjoy! http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/311347

5 kommentarer:

  1. Eg har lagt ut link på min blogg. Slik las eg ikkje boka. For meg var ho anmasande, med ei voldsom framdrift. I opplesinga forsvinn vitsen med manglande teiknsetjing, meiner no eg.

    SvarSlett
  2. Må berre innrømme at eg ikkje fekk til å legge inn lenkje (men eg HAR klokke!). I mitt hovud var poenget med manglande teiknsetjing at ein skulle leve seg inn i stresset til det unge paret, medan opplesinga gav ei avslappa og roleg stemning. Men nokon må då ha godkjent opplesinga, vel? Er det nokon som snakkar saman før slike opptak vert gjorde? Eg er spent på korleis elevane reagerer, og er førebudd på ny storm.

    SvarSlett
  3. Eg har høyrt berre litt av teksten-enno.Men så langt ser eg det slik at teksten er veldig "open", slik at den som les, samstundes tolkar. For meg var ikkje teksten anmasande, for eg sette punktum der EG ville.Eg seier ikkje at DET er rett, men det at ein tolkar ut frå seg sjølv, gjer teksten interessant og kanskje genial ?

    SvarSlett
  4. What's up to all, it's in fact a pleasant for me to pay
    a quick visit this website, it consists of important Information.

    Here is my weblog locksmith jupiter in st.albans

    SvarSlett
  5. I am not sure where you are getting your info, but good topic.
    I needs to spend some time learning much
    more or understanding more. Thanks for magnificent information I was looking for this info for my mission.

    My blog ... kitchen feel (http://Itishardtosay.Weebly.com)

    SvarSlett