onsdag 30. juli 2008

Barnemunn


I går, på veg i Brundalen, fekk minstemann gnagsår på grunn av at han ikkje hadde sokkar i skorne. Han tenkte lenge på dette, og så kom det: "korsen en kan få gnagesår ta skona når dei ikkje he munn?" I dag kom det ei ny perle, då han kom på at etter hans bursdag er det snart jul. "Og jula de e Julenissen sin bursdag". Ny teologisk vri der, ja.

tirsdag 29. juli 2008

"Can You Keep a Secret?" (24)



Her går det i "chick lit" av Sophie Kinsella igjen. Oppskrifta er den same som i "Shopaholic" serien; vimsete og litt mislukka jente møter styrtrik og attraktiv mann som straks fell for hennar naturlege sjarme. Sukk.... Problemet med chick lit er at det er kvinner som les den. Fleire menn burde plukke opp ei slik bok - i denne er den mannlege helten ein skikkeleg helt som lyttar interessert til alt vrøvlet til hovudpersonen, og som hugsar alt ho har sagt om yndlingsdrikke, yndlingsmat etc slik at han stadig overrumplar henne med dei rette gåvene, måltida og kommentarane. Finst slike menn? Forstår menn at det er slike kavalerar vi ønskjer oss? Forstår vi kvinnelege lesarar at dette berre er eit lite hakk unna kiosklitteraturens romantiske forteljingar - som vi aldri kunne ha tenkt oss å lese? Mitt alibi er framleis at eg les mølet på engelsk...

Brundalen




Etter at gårsdagen gjekk med til plenklipping og raking (6000 skritt med plenklippar!), var det hardt å halde fram med hagearbeid i dag. Eg gjekk berserk med kantklippar og klipte litt meir plen medan ungane hadde eit hyggeleg gjensyn med naboungane. Noko tid vart brukt på solsenga òg, men det er for varmt å ligge der midt på dag. Til slutt enda eg opp med å koke middag til dei tre yngste og meg sjølv, la att melding til Nummer 1 (som var på besøk med venninne) og Gubben (som var på jobb) om at vi gjekk på setra og så tok vi oss ein tur i Brundalen. Badetemperaturen der skal vere 25 grader no, i følgje naboen. Gubben kom etter med hundane då han var ferdig på jobb.

Gratulerer med overstått bryllaupsdag


Besta og Besten har vore gifte i 46 år! Likevel har yngstedottera aldri greidd å lære datoen... Sorry - og gratulerer på etterskot (datoen var 27. juli)!

søndag 27. juli 2008

Siste feriedagen (for Gubben - vi hine har tre veker til...)


Vel heime i nydeleg ver, og med gårsdagens 30-graders biltur i minne, ville vi på stranda og bade i dag. Brennmanetangst sette ein stoppar for idyllen, og då enda vi opp med å halde oss heime ved vaskemaskina. I kveldinga rusla Gubben og eg rundt Lisjedalsvatnet på svermetur med bikkjene på slep.

Bonusdagen











I og med at fotballjentene vart slått ut torsdag kveld, fekk dei fredagen fri. Vi hadde ferjebillettar frå Grenaa ved midnatt, så vi fekk ein lang og nydeleg dag som vi fylte med tur på stranda, Brandbo museum (der dei mellom anna hadde utstilling av galeonsfigurar frå skip som hadde havarert på kysten utanfor og ei eiga heimefrontsavdeling med ting frå andre verdskrig), McDonalds og bandy på kaia.

Danacup


Voldajentene kom til kvartfinalen, men der slo Chelsea dei. Flotte jenter med god innsats i varmen!

Nordstrand



I Frederikshavn er det palmestranda som er den store magneten, men vi fann oss ei lita strand som vi hadde heilt for oss sjølve. Dei tre yngste og eg fekk fire fine dagar på stranda, medan eldstejenta berre var med siste dagen.

Fun House




200 meter frå campingplassen låg "Fun House", der dei tre yngste og eg var innom då dei hine var på Danacup. Størst av alt for yngstemann var ein "Postmann Per"-bil der han kunne kjøre GRATIS så mykje han ville!

Fårup





Søndag 20. var det meldt mykje regn, men vi trassa veret og reiste til Fårup - ein opplevelsespark med mange berg-og-dalbanar, badeland og mykje anna. På grunn av veret vart det ikkje bading, men vi fekk ulysta oss med andre aktivitetar utan å måtte stå i kø. Personleg er eg ikkje så glad i dei skumlaste berg-og-dalbanane, men desto meir glad i mat. Vi var først på "et-så mykje-du-vil-buffet", og noko seinare fekk eg yndlingsretten min: is med fire kuler, softis, "guf", jordbærsylte og "flødebolle". Lar seg ikkje kombinere med snurring rundt og rundt.

To fantastiske bøker (nr 22 og 23 i år)

Siste veka har eg kosa meg med "Tusen strålende soler", som er enda betre enn "Drageløperen" av same forfattar. Her er det særleg to kvinnelagnader ein får innblikk i, og det fungerer fint sjølv om forfattaren er ein mann. Handlinga er lagd til Afghanistan før, under og etter Taliban, men det er liva til hovudpersonane som står i fokus, ikkje samfunnskunnskapen (som eg kunne ha tenkt meg meir av). Den neste boka eg las var "Mannen som døde som en laks" av Mikael Niemi. Denne romanen handlar òg om oppvekstmiljø og røter, og den bygger òg vidare på ein tidlegare suksessroman ("Populærmusikk fra Vittula"). Niemi vandrar denne gongen over i ein slags kriminalsjanger, men mykje av boka handlar om språket si rolle i kulturen i Pajala. Kanskje litt for mykje, viss ein skal vere litt kritisk. Uansett har eg no lese to bøker som eg kjem til å anbefale i aust og vest og på bloggen med.

Lindholm Høje og Voergaard Slot





Laurdag 19. var veret sånn passe surt, men vi var budde på det og hadde planane klare. Først kjørte vi ned til Aalborg-traktene og såg ein jernalder/viking-kyrkjegard med tilhøyrande museum, og deretter reiste vi til Voersgaard Slot der dei arrangerte middelalderdagar med riddarar, bogeskytarar og salsboder. Deretter fekk vi omvising inne på slottet, der det var mykje fin kunst og interiør.

Dansk Syden


Så er vi heime att etter nok ein ferietur. Denne gongen var påskotet at eldstejenta skulle på Danacup, og så hekta vi på campingvogna og hadde ei herleg veke i Frederikshavn, etter først å ha besøkt Bror med familie på Kongsberg (for dei som les fleire bloggar i familien, vil det gå fram at Bror og familie er uvanleg gjestfrie!). Vermeldingane var sånn passe før vi reiste, så dei flotte dagane på stranda var rein bonus. Planen var at Gubben og Nummer 1 skulle tilbringe noko tid aleine i Hjørring medan vi hine kunne finne på ting på campingplassen (sidan vi då vart utan bil). På Nordstrand camping hadde vi gåavstand til stranda, leikeland, innandørs badebasseng og diverse fasilitetar som var på campingen (butikk, play station rom etc). Gubben og eg er einige om at Danmark er eit triveleg og laid-back land å feriere i. Danskane verkar opptekne av kos og comfort, og så er dei ikkje så overivrige etter å selje og drive business. "Sjov" og "Skæg" står i fokus, og dette passar godt for travle småbarnsfamiliar med eit skrikande behov for avkopling.

tirsdag 15. juli 2008

Nitrist

Dagen begynte med sterk vind, og Gubben måtte ut og feste trampolina betre. Gradestokken har kanskje vist 13 - 14 grader, og det har regna. Langtidsvarselet har vist stabilt møkkaver i fleire dagar framover. Trøysta var at langtidsvarselet var betre der vi har tenkt oss, men så endra dei langtidsvarselet slik at det ser ut til at vi får 15 grader og regn fram til onsdag. No har vi vore innom internett og funne interessante museum vi kan besøke når veret sviktar. Vi skal nok halde ut, berre vi får nokre fine dagar til ein gong før ferien er slutt.

mandag 14. juli 2008

Baus pappa i England

Her er eit bilete av Baus far, "Bendale's Special Times". Til dagleg kallar dei han treffande nok for "Leo".

Mimring om mormor

På grunn av mangel på scanningsmulegheiter blir det ikkje noko bilete av mormor på bloggen min i dag. Dette betyr ikkje at eg ikkje har tenkt på henne! Eldstejenta og eg bruker å gå tur med hundane ilag, og då snakkar vi mykje om store og små tema. Dei siste dagane har vi snakka ein del om "gamle dagar", og særleg om mormor. I dag er det 104 år sidan ho vart fødd, og 17 år sidan ho døydde. Eg har eit sånt sterkt minne om den siste gongen eg besøkte henne; ei impulshandling fordi Gubben var på jobb og Besta var hos mormor og eg fann ut at eg kunne ta meg ein tur dit. Vi hadde ei svært triveleg stund i eit nydeleg ver. Berre nokre dagar etter kom eg attende til Eid i striregn for å vere i gravferda til mormor. I dag var vi mellom anna på biblioteket, og eldstejenta lånte ei Agatha Christie-bok, etter at eg hadde fortalt at mormor gjerne las slike bøker. Dei som er borte, lever vidare gjennom historiene vi fortel, og eg framstiller mormor slik eg opplevde henne: stillfarande, men med sterke meiningar og haldningar.

Gratulerer til Bror og Svigerinne på Kongsberg


I dag er det åtte år sidan dei gifta seg på Mauritus! Sidan den gong har dei fått livet snudd på hovudet av to flotte gutar. Vi ser fram til å sjå dei att om ikkje så lenge.

søndag 13. juli 2008

We are the champions



I dag vart det ein hektisk, men god dag for eldstejenta og hundane. Bau tok cert og vart dermed norsk utstillingschampion! Bianca er ikkje heilt på topp for tida, men ho fekk CK. Begge vart nummer to i sitt kjønn. Vi er stolte av hundane, men enda meir stolte av vår 15 år gamle superhandlar som handla begge hundane med stil og eleganse. Utstillinga var på Gjermundnes vgs i Vikebukt, og Best in Show vart ein flott mops som eg straks la merke til. Sigeren vart feira med kaker, is og jordbær hos Besta og Besten på veg heim.

lørdag 12. juli 2008

Tolv dagar borte frå heimen...

Og så? Kva har vi sakna mest? Med sengetøy i skittentøyskorga frå før vi reiste, nye "skitne" sengeklede og to sekkar med brukte klede frå ferien seier det seg sjølv at vaskemaskina var eit kjært gjensyn for min del. Og så fekk eg klipt to plenar medan Gubben raka (eg måtte klippe kvar av dei to gonger). Dei tre yngste var lukkelege over å møte att naboungane, eldstejenta ville straks ut og ri, og elles sette vi pris på å tappe vatn frå springen, ha innlagt toalett og dusj og ha god plass rundt oss. Minstemann sa med skjelvande stemme at han hadde sakna hestane. "Og so Bianca og Bau" (dei hadde vi hatt med oss på camping). Midt inne i stova oppdaga han forresten ei dør han ikkje hadde sett før, og han påstod at han ikkje hugsa kvar "do" var. No har vi lagt ned forbod mot pølser og loff, så her går det i grovbrød, blomkålsuppe og graut. Det er godt å kome heim frå campinglivet, men så skal vi snart på vegen igjen. Berre eg no får vaska ferdig kleda og campingvogna igjen...

Campingnaboar





Vi har nokre ex-naboar frå Ulsteinvik som i fleire år har reist med campingbil nedover Europa fire veker om sommaren. Måndag kveld ringde dei Gubben og sa dei kom til Örebro på heimvegen. Slik gjekk det til at vi hadde campingnaboar dei siste dagane i ferien òg, og Gubben og Naboen hadde nokre hektiske timar i badeland saman med ungane. Det øvste biletet viser Naboen og døtrene hans inne i Arboga, ein by som er overrepresentert på bloggane i slekta for tida.

Crying in the rain? No way!



Måndag i Örebro regna det, men vi hadde ein plan: 7000 m2 innandørs leikeland! Vi betalte 100 kroner per barn for tre timars hektisk leiking, og det var akkurat det som skulle til for at humøret skulle stige til nye høgder.

Statuer i stadsparken

fredag 11. juli 2008

Campinglektyre: bok 19, 20 og 21




Eg tel altså bøkene eg les - mest for å sjå kor mange bøker eg les. Når faste lesarar veit at eg går med skritt-teljar det meste av året (ikkje under bunad eller kjole), kan ein begynne å lure på om eg er heilt god. Uansett: det vart ikkje så mykje lesing i og med at vi var så sosiale i Sverige, men eg fekk tid til eit par krimbøker og ei Per Petterson-bok som eg likte godt. Den eg likte minst av desse bøkene, var Lindell si. Eg har lese mykje krim i mi tid, og då må forfattaren skrive godt viss eg skal greie å bli engasjert. Lindell greidde det ikkje denne gongen, men Dan Brown glitra! Boka hans las eg på engelsk for variasjonen si skuld, men eg las den utruleg fort. Merkeleg nok vart eg sugd inn i den noko opplagde handlinga. Datateknologi er ikkje favorittemnet mitt, og boka er skriven etter same lest som "Engler og demoner" og "Da Vinci koden", men likevel hadde denne boka noko.

Örebro stadspark og Wadköping

















I tillegg til å vere eit eldorado for camparar, er Örebro ein vakker by med mykje kunst i byparken og ved slottet, eit koseleg friluftsmuseum og ein leikepark. Då alle slektningane forsvann søndag, var det overskya og mildt, og dermed perfekt ver for å rusle rundt i parken og sjå på kunst og blomar, leike i parken og ete is og kake inne på ein liten café i Wadköping.