onsdag 20. september 2017

Bok 68 2017: "Gretne gamle gubber" av Finn Bjelke

Boka har undertittelen "håndbok i surmuling", og er eit humoristisk skråblikk på dagens samfunn sett frå ein gretten, middelaldrande mann sin ståstad. Her er mange artige observasjonar, som til dømes korleis ein forventar at folk skal sitje på bussen, korleis middelaldrande menn oppfører seg på konsert og korleis det er å vere middelaldrande mann på festival, som Bjelke meiner er for ungdom. Noko av det han skriv er òg litt trist, som til dømes når han skriv om jula, og høyrest ut som eit barn som er skuffa over ikkje å ha fått det han ønska seg. Viss ein dreg dette litt langt, kan jula her bli ein metafor for heile livet, og då er det i alle fall trist.

Lydboka er ganske kort, noko som var kjekt som variasjon, men eg skulle gjerne høyrt meir. Det er forfattaren sjølv som les, og det er ofte veldig kjekt.

tirsdag 19. september 2017

Bok 67 2017: "Enhet og mangfold" av Kristen Ringdal

Dette er kanskje litt juks, då eg ikkje har lese heile boka, men "berre" dei 160 sidene av den som er pensum. Det er noko av det tyngste eg nokon gong har lese, og absolutt det eg har forstått minst av gjennom tidene. Emnet er stort sett statistikk, og mykje av boka går ut på å forklare formlar som eg ikkje skjønar bæret av, sjølv om eg skjønar døma og variablane og kan lese og forstå resultata. Det blir interessant å sjå om eg greier å bruke boka i neste omgang, når eg skal utarbeide eigne reknestykke, bruke formlar og jobbe med dataprogrammet SPSS. No veit eg i alle fall kvar eg finn dei ulike formlane, så får eg ta det derifrå. Eg gir ikkje opp. Enno.

mandag 18. september 2017

Bok 66 2017: "De tre musketerer" av Alexandre Dumas den eldre

Unge d'Artagnan kjem til Paris for å bli musketer, men allereie første dagen ertar han på seg tre menn til duell. Desse tre er musketerane Athos, Porthos og Aramis, og d'Artagnan endar opp med å følgje dei rundt på eventyr. Ikkje minst leitar dei etter ei mystisk kvinne i mykje av boka.

Boka er ein god og spennande klassikar, men eg har brukt lang tid på lese den og har dermed ikkje kome så djupt inn i handlinga som eg kunne ha gjort. Boka er på over 24 timar, og det vart litt lenge no når eg ikkje har CD-spelar i bilen. Trond Brænne les lydboka, og det gjer han på ein glimrande måte som hevar leseopplevinga.

Minstemann heime att!

Natt til førre søndag, altså for vel ei veke sidan, reiste 9. og 10. klasse ved Folkestad skule på aktiv fredsreise til Polen og Tyskland. Dermed har alle mine fire avleggarar fått vere med på ei slik reise, noko eg er utruleg takksam for. I kveld kom godguten heim til mor att, og der vanka det sjølvsagt mat og tv - og musikkutstyr i kjellaren. Det hadde kome ein pakke medan han var vekk, og eg trur han hadde behov for å vere litt aleine. Han har berre fått fortalt litt frå turen, men det kjem nok meir etter kvart som han får kvilt seg ut. Det er godt å ha han trygt heime att, og alt har visst gått bra denne gongen òg.

Om statistikk og strategi

Etter valet har det endeleg opna seg nokre tidslommer der eg kan få begynne å lese pensumlitteratur, og for tida balar eg fælt med å skjøne statistikk-delen. Eg sit og les side opp og side ned utan å skjøne meir enn ein ukjend prosentdel (la oss kalle den x). Gamle minne om keisame mattetimar veltar innover meg, og eg hugsar vagt at eg datt av lasset ein gong på 80-talet då eg vart beden om å fylle inn tal i for meg uforståelege formlar. Hovudet mitt taklar kroner og kvadratmeter, men eg tiltar fort når eg ser meir kompliserte rekneoperasjonar. Å skjøne statistikk, altså å lese resultat, er eg derimot relativ trena til.

Når eg slit som verst, tenkjer eg av og til: Kjenn kor det følest. Slik har elevar det, kanskje kvar dag, kanskje i mine timar. Det er lærdom i alt, som eg plar seie.

Strategien min, som er lauseleg basert på motivasjonsteorien eg las våren 2016, er å lese gjennom alt pensum uansett om eg ikkje skjønar det. Eitt kapittel for dag var målet, og så les eg noko anna etterpå. Ei hyggeleg lita bok om kvalitative forskingsintervju, til dømes, der alt gir meining og er nesten innlysande.

Midt i lesinga i dag vart eg sitjande og drøyme i halvsøvne at eg gjekk på kurs i japansk kalligrafi. Tolkinga av den draumen gir seg vel sjølv.

lørdag 16. september 2017

Vente på våren

For ei tid attende kjøpte eg inn nokre blomsterlaukar, og i dag hadde eg tid og lyst til å plante dei. Det har regna mykje i det siste, og ugraset veks enno, men det er ikkje så freistande å styre i hagen no når sommaren er over. Eg veit at eg kjem til å glede meg mykje over narsissar, tulipanar og krokus i bedet til våren, så dagens vesle innsats er ei slags investering. Ein bør alltid styre med noko i hagen, for det inneber så mykje optimisme og framtidstru.

Tur på Stigedalen

I dag måtte Veslejenta og eg ein tur på butikk, og då vart det til at vi tok med oss hunden i bilen til Eid og stogga på Stigedalen på veg heim. Vi gjekk inn til Sagesetra, men like etter kom ein mann med oransje klede og vifta mot oss på avstand, noko vi tolka som eit teikn på at vi skulle snu og gå attende til bilen. Om han var jeger eller sauebonde veit eg ikkje, men eg skulle ønske dei kunne henge opp ein plakat ved starten av vegen dersom dei ikkje vil ha ferdsel på grunn av slike aktivitetar.

Vinklubb

Fredag kveld var det ny vinklubb, denne gongen på Folkestad. Ein sambygding med 8-setar var grei og køyrde ut ein heil gjeng, men heim for vi i fleire puljar. Vi fekk servert nydeleg mat og vin, og praten gjekk særs høglydt om alt frå politikk og religion til den lokale 17. mai-feiringa. Ein særs triveleg kveld!
Veslejenta tok bilete av meg før eg for

søndag 10. september 2017

Med Loen Skylift til Hoven (1011 moh)

Sidan eg har jentene heime, og ingen søner i huset, vart det i dag jentetur til Loen. Eg har lenge hatt lyst til å ta gondolbanen opp på fjellet Hoven, og i dag hadde vi både tid og lyst. Sidan fleire av oss har høgdeskrekk, var det ei ekstra utfordring, men det gjekk veldig fint. Banen bevegde seg utan dramatiske rørsler eller lydar. Vel oppe gjekk vi litt rundt og såg og fotograferte, deretter åt vi middag i restauranten. Det vart ein særs triveleg dag, og ein av dei beste fjellturane eg har vore på. Ein annan gong skal eg ha på fjellskor og gå litt rundt, men i dag var det kjekt berre å kome opp for å sjå.










Ny kjøleskapsmagnet :D

lørdag 9. september 2017

Valkampinnspurt

For fjerde laurdag på rad stod eg i dag på stand, og denne gongen hadde eg med Eldstejenta. Det var sjølvsagt enda kjekkare enn vanleg. Etterpå tok vi oss ein tur til Ørsta, sjølv om pappa allereie har stemt og mamma ikkje stemmer på "mitt" parti. Familietreff er hyggeleg uansett, og vi er svært einige om mangt og mykje.



onsdag 6. september 2017

Folkevaltnettverket på Sunnmøre

Onsdag var eg på første samling for eit nytt forum eg er blitt vald inn i. Samlinga var på hotellet i Ørsta, og vi fekk høyre foredrag og jobbe i grupper, i tillegg til å ete nydeleg mat og bli kjende med kvarandre. Det første foredraget var med Micco Grønholm, som snakka mest om nytenking og digitalisering av kommunens politiske arbeid. Det andre innlegget var ved Eva Hove, ordførar i Stordal, som fortalde om eit gründerprosjekt dei held på med etter at kommunen miste svært mange arbeidsplassar på kort tid. Dette prosjektet vart kalla ein dørbankeaksjon, så til saman dekte desse foredraga mange moglegheiter for kommunikasjon og innbyggardeltaking.

Micco Grönholm

I gruppearbeida vart vi samansett på to ulike måtar, og vi fekk bearbeide det vi nettopp hadde høyrt om.

Dagen vart svært givande, men òg krevjande. Samtidig sette eg prosjektet frå Stordal i samanheng med det eg lærer om kvalitativ metode for tida. Kva som kjem ut av dette forumet, vil berre tida vise. Det er uansett mykje å lære av andre, og av å få spørsmål og kommentarar til det ein sjølv tenkjer.

mandag 4. september 2017

Monday, Monday

Dagens trim i dag var at eg gjekk til og frå jobb, frå kaia, og at eg klipte plenane. Dette vart rikeleg mange steg, men ikkje akkurat noko å ta bilete av i det nydelege turvêret. Elles har dagen gått med til jobb (to timar undervisning) og pensumlesing. Heile førti sider om kvantitativ metode har eg streva meg gjennom, og det er eg godt nøgd med. Plenslåtten tok eg i ein pause i lesinga.

Minstemann og Naboguten pakka med seg ein del utstyr som eg køyrde til grendahuset, der dei no skal ha øvingslokale. Det har derfor vore ein stille kveld med god arbeidsro for Gamla. I går kveld øvde dei i kjellaren her, det er kanskje det kjekkaste, for noko av det beste eg veit er å høyre ungane mine ha det kjekt.

Sidan eg ikkje har turbilete, legg eg ut bilete av dagens middag. Minstemann bestilte i førre veke fylte pannekaker til middag i dag, og det måtte han sjølvsagt få. Fyllet bestod av ein lauk, ein pakke sopp og nokre pølser surra i panna og tilsett ein pakke fløyte (+ salt og pepar). Dette stod og kokte medan eg steikte pannekaker, så fløyten vart redusert og konsistensen som ein stuing. Minstemann fekk velje mellom pølser og skinke, og sjølv hadde eg nok likt skinke betre. Eventuelt så kunne ein berre hatt sopp og lauk, for det var veldig godt.

Planen var å ete to pannekaker med fyll og ei til dessert med blåbærsyltetøy, men så langt kom vi ikkje.

søndag 3. september 2017

Bok 65 2017: "Farvel eventyrland" av Tam Cy Albert, i samarbeid med Edy Poppy

Denne boka er ein ganske rå roman om ei kvinne med eit noko usunt forhold til kropp, sex og kjærleik. Språket er svært rått, og virkar dermed vulgært. Handlinga skjer på det ytre planet på ein stad som er for liten for hovudpersonen Velma, og i tillegg også på internett, der ho chattar med andre - stort sett om sex.

Bakgrunnen for boka er kanskje meir interessant enn sjølve romanen. Forfattaren hadde lyst til å skrive frå eit kvinneperspektiv, og dikta opp ein profil på internett som han brukte for å chatte og øve seg på kvinneperspektivet. Så langt er dette ikkje eksepsjonelt, men så var det berre det at han lasta opp bilete av den dåverande kona si på profilen... Dei er ikkje gifte lenger, og det kan ein forstå! Boka vart til etter lang tids sex-chatting på nett, og i samarbeid med Edy Poppy, som han skal ha ført lange samtalar med om temaet.

Eg er kanskje både gamal og prippen, for dette vart noko sært i mitt hovud. Men eg plar skryte av at eg er open for nye sjangrar, så eg har i alle fall gjeve den eit forsøk.

Brundalen

Søndag gjekk vi oss ein tur i Brundalen, der vi ikkje hadde vore på svært lenge. Vi parkerte nede ved Knakkesteinane og gjekk skogsvegen heilt opp, noko som innebar ein del motbakkar, og dermed vart det litt trim òg. Det var ein uvanleg vakker og varm dag, og i dalen var det berre nydeleg. Det har kome ein del haustfargar, og lufta er så rein og klar at det er ei fryd å vere menneske.



Kveldstur til Bjørkedalen

Laurdag kveld gjekk vi tur frå den nedlagde skulen på Bjørkedalen og inn til enden av vegen på nordsida av dalen. Det var truleg eit arrangement i regi av ein islandshestklubb, for det var ein del campingvogner, hestar og hytteturistar å sjå. Det er vakkert på Bjørkedalen, ikkje minst på grunn av utsikta mot dei flotte fjella.

Laurdagsjobben (episode 3)

For tredje laurdag på rad stod eg på stand i Volda sentrum. Det var ikkje så mykje folk i gatene, trass det fine vêret, men vi fekk no snakka ein del med potensielle veljarar og andre. Og kvarandre, ikkje minst.

fredag 1. september 2017

Bok 64 2017: "Den glemte soldat" av Guy Sajer

Boka har undertittelen "Dagbok fra østfronten 1942 - 1945", og det seier vel det meste om kva type bok dette er snakk om. Guy har fransk far og tysk mor, og han vervar seg som frivillig til å bli med i dei tyske styrkane som kjempa mot russarane på austfronten. I boka fortel han om opplevingane sine, og det er mykje elende, både når det gjeld hygiene, matmangel og sjølvsagt sjølve krigshandlingane. Ei interessant bok om noko eg ikkje har lese så mykje om før.

Innlesar Nils Ole Oftebro gjer sitt til at boka vert spennande å høyre på.

Lesedag

Eg skal jobbe redusert i år, fordi eg har fått støtte frå Udir til studiane mine. Dermed blir det nokre fridagar innimellom, som eg kan bruke til å lese. Måndag og tysdag denne veka var det første samling på studiet, og eg var reint optimistisk då eg kom heim.  Dette med statistikk såg ikkje så gale ut som eg hadde frykta. Men så skulle eg lese i den store, kloke boka i dag, og då hang geipen noko meir. Eg har ingen problem med å forstå det som står i tekstform, altså med ord, men hjernen min går i svart ssnart det dukkar opp formlar. Då blir stoffe bokstaveleg tala gresk for meg. Men eg gir meg ikkje - dette skal eg greie! Alt eg lærte om motivasjon våren 2016 kjem no til nytte.

Elles følgjer eg sjølvsagt med på valkampen, og der er det mykje statistikk-stoff som eg lever meg inn i. Ein lærer mykje berre ved å leve, tenkjer eg. Då er det berre å lære seg teorien bak, så går det sikkert bra. Enn så lenge hoppar eg over formlane og satsar på at det går over.

torsdag 31. august 2017

Ny bil: Kia Rio 2017

Torsdag fekk eg endeleg nyebilen, som eg bestilte (usett) i mars. Det er ein splitter ny Kia Rio, same sort som eg hadde frå før. Fargen er derimot ny, og den høver godt no i valkampen.


Tur til Movatnet

Onsdag kveld gjekk vi tur på Stigedalen, på vegen inn til Movatnet. Vi gjekk ikkje heilt ned til vatnet, sidan det var temmeleg vått i marka. Sola slapp dessverre ikkje heilt gjennom skyene, noko som var synd, sidan det var så fine haustfargar i naturen.

søndag 27. august 2017

Bok 63 2017: "Menn som hater ulver" av Lars Lenth

Denne boka viser seg å vere nummer tre i ein serie eg ikkje har lese dei første bøkene i, men samanhengen mellom bøkene skal visstnok berre vere at nokre av personane er med i dei tidlegare bøkene. Det burde ikkje gjere nokon stor skilnad i lesinga, men det veit eg sjølvsagt ikkje sikkert.

Tittelen seier mykje i seg sjølv. Dette er ein humoristisk roman med mange ordspel og underforstått humor, men handlinga er òg svært dramatisk. I starten vert ei kvinne tilsynelatande  drepen av ulv rett framfor auga til sonen, som ho har berga opp i eit tre. Handlinga går føre seg i Østerdalen, og lokalmiljøet er svært prega av ulvestrid. Det finst mange som er ute etter å verne eller drepe ulv, og det er mellom desse grupperingane slaget står.

Boka er underhaldande nok, men satiren treff nok betre dersom ein er meir interessert i ulvespørsmålet. Personane som er med er først og fremst typar, for ikkje å seie stereotypar, og handlinga er heilt urealistisk. Eg såg element av Knut Nærum og Erlend Loe i skrivestilen, men det er eit stykke att opp til det nivået.

lørdag 26. august 2017

Fisketur til Rjåneset

Etter den politiske innsatsen laurdag tok Minstemann og eg turen til Rjåneset i Ørsta, saman med Bladfyken og yngstesonen hans. Der var det nydeleg sommarvêr, så det vart ein nydeleg tur. Fiskelukka var ikkje den heilt store, så det vart grilla pølser til middag i staden.



Laurdagsjobben

I dag hadde vi større pågang og meir avsetjing på roser på standsaksjonen. Det vart mange interessante diskusjonar og nokre litt skremmande, då fleire kom med svært rasistiske synspunkt. Mange ungdomsskuleelevar hadde fått i oppgåve å sanke inn brosjyrar frå ulike parti, så det var mange unge og foreldra deira som kom. Vêret var fantastisk, og det var dermed kjekt å kunne gjere noko så meiningsfylt ein laurdag føremiddag.

Skulevaldebatt 2017


Ordføraren leia debatten
Det er alltid sjarmerande å sjå og høyre unge politikarar som skal delta i paneldebatt. Nokre er nervøse, nokre prøver for hardt å vere morosame, nokre er superflinke og andre er ufrivillig morosame fordi dei bommar totalt på publikummet sitt. Etter debatten var det valtorg, der elevane kunne snakke med politikarar, få popcorn og karamellar og ikkje minst partiprogram. Norsklærarane har teke føre seg emnet retorikk i forkant av debatten, og i etterkant vil både norsklærarar og samfunnsfaglærarar ta føre seg innlegga og argumentasjonen med kvar si vinkling. Det er mogleg at medialærarar tek føre seg valprogramma frå ein meir mediafokusert ståstad, og i tilfelle vil elevane få eit godt grunnlag for å kunne gjere seg opp ei meining.

Sjølve skulevalet ventar vi med ei dryg veke til, så då unngår vi at elevane stemmer ut frå kven dei syntest gjorde det best på debatten. Dei fleste elevar eg har snakka med, seier at dei tek testar på internett for å sjå kva parti dei ligg nærast. Det gjorde vi i heimen her i ettermiddag, og utfalla vart både varierte og lite sannsynlege.


onsdag 23. august 2017

Eit nytt og betre liv dag 3

Kvardagane er hittil denne veka noko rolege i høve til det eg er van med. I dag skulle eg ha undervisning i to timar, 5. og 6., så eg fekk ein roleg morgon. Eg parkerte på Folkestad og gjekk frå ferjekaia både til og frå jobb i dag òg, og eg kom heim samtidig med Minstemann. Han fekk besøk av ein kompis etter middag, og eg har hittil nytta ettermiddagen til artikkellesing, plenslått og sykkeltur. Det er liksom ikkje grenser for kva ein får tid til! No vurderer eg å lese ein artikkel til før valsendingane begynner - det må eg nesten følgje med i.