søndag 17. mars 2024

Lisjedalen

I dag hadde endeleg både Veslejenta og eg fri samtidig, og då valde vi å gå inn til skogsvegen som går til Lisjedalen. Planen var å gå så langt opp som vi kom, for vi forventa snø pg is. Bommen var stengd, så ein kunne ikkje køyre bil opp, men det gjekk fint å gå heilt opp. Forma mi er ikkje all verda, så det var godt å kome seg opp bakkane utan å få store problem med kondisen. Det er slik ein trenar for å få betre kondis, tenkjer eg. Hundane sprang lause og herja på, og vi folka fekk oss ein god tur og mykje frisk luft.

I morgon, 18. mars, blir hundane 10 månader.

Dennis

Albert



Genser nummer 61: "Perlepuffgenser" til meg sjølv

 


Eigentleg hadde eg tenkt å strikke denne genseren til Eldstejenta, men så var fargen meir "min" enn "hennar". då eg eigentleg tenkte å bestille lys turkis. Denne fargen heiter turkis, og den er ganske mørk. Eg løyvde eit par nøste, berre så det er sagt. Å handle på nett kan ha sin pris. Garnet heiter Alpaca Bris, som i den førre genseren eg strikka, og det garnet er svært mjukt og behageleg å jobbe med. Det som er spesielt i denne oppskrifta, er teknikken på erma. Mønsteret ser meir komplisert ut enn det er, men ein må halde tunga beint i munnen, spesielt ved raglanfellinga. Eg var svært nøgd med resultatet, og ein skal ikkje sjå vekk ifrå at eg har bestilt inn garn til eit par til i same mønster...

torsdag 14. mars 2024

Tur til Flø

Dagen etter 8. mars var litt dagen derpå for meg, som hadde vore med og arrangert markeringa i Volda. Eg
skulle på kunstutstilling som KDA-elevane mine arrangerte i Ørsta, og så kontakta eg mamma og fekk henne med meg - først på kunstutstilling og deretter på biltur til Flø, der vi gjekk oss ein tur i finevêret. 

Tur til kystfortet ved Eltvik

Første helga i mars fekk vi utferdstrang og la ut på tur til Stadlandet, til restane av eit kystfort frå andre verdskrig. Fortet låg like ved den frykteleg smale og dårlege vegen til Eltvik, så det vart ikkje mykje trim, men det var ein fascinerande stad med herleg havutsikt. Etterpå køyrde vi til Ervik, men det vart ikkje til at vi gjekk ut til kystfortet der. I staden gjekk vi ein tur på sandstranda, som delvis var vekk etter diverse uvêr. Det var flotte bølgjer og mange surfarar ute på denne nydelege dagen.

















Bok 9 2024: "Den hedenske kongen" av Bernard Cornwell

 


Saksa frå Storytel: "Årene etter kong Alfreds død er fredelige. Danene regjerer i nord, sakserne i sør. Men for en kriger er en skjør fred den tøffeste utfordringen. Altfor ofte gir den spillerolle til de forsiktige og tilbakeholdne. Uhtred, en av den avdøde kongens beste krigere, er ikke populær i det nye regimet. I et øyeblikks raseri blir han forvist fra eiendommen sin og bannlyst. Han er utstøtt både blant kristne og hedninger. Med støtte av en håndfull menn drar Uhtred nordover for å vinne tilbake Bebbanburg, som har tilhørt hans familie i generasjoner og er Englands største festning. Men ellers i landet er det uro. Knut Langsverd, den mest fryktede og voldelige av danene, reiser en hær da konen og arvingen hans blir tatt til fange. Alle kongedømmene blir trukket inn i en krig som vil avgjøre om det skal være et England eller et Daneland. Og det er opp til Uhtred, herskeren blant de utstøtte, å bestemme når og hvor det slaget skal stå."

Bok 8 2024: "Kvit, norsk mann" av Brynjulf Jung Tjønn


I fjor var Tjønn på skulen vår og fortalde om livet sitt, i tillegg til at han las nokre av dikta sine. No har eg lese heile diktsamlinga, og den er utruleg god og tankevekkande. Eg har òg brukt nokre av dikta i jobbsamanheng, under emnet "kulturmøte i tekstar" på norsk VG1. Då brukte eg noko tid på å fortelje om Arve Beheim Karlsen, Philip Manshaus og Benjamin Hermansen, sidan det er referansar til desse i dikta. 

Tjønn er adoptert frå Korea, og mange av dikta handlar om korleis det er å sjå annleis ut, korleis ein blir oppfatta som kinesar og kva kvardagsfordomar ein kan oppleve. Det er sterke tekstar.

fredag 23. februar 2024

Bok 7 2024: "Kongenes død" av Bernard Cornwell


Kong Alfred er død, og det er uro og usikkerheit i riket hans. Uthred vert spådd, og spåkvinna seier at sju kongar vil døy og kvinnene han elskar. Han kjempar vidare mot vikingar og saksiske forrædarar, og mange døyr undervegs. Sidan bøkene er fortalde av ein gamal Uthred, veit lesarane at han overlever, men det er likevel mykje spenning undervegs.

Bok 6 2024: "Det brennende landet" av Bernard Cornwell

 

I denne femte boka i serien er kong Alfred gamal og sjuk, og Uthred kjempar vidare både som saksar og viking. Forlaget skriv: Alfred av Wessex er gammel og syk og hans etterfølger er uerfaren. De krigerske vikingene, som så mange ganger har måttet gi opp kampen om Wessex, ser sin snitt til å angripe. Alfred må igjen appellere til Uhtred, sin motvillig allierte. Uhtred leder vikingene inn i en felle, og det ender i slaget ved Farnnam, der vikingene gikk på ett av sine største nederlag. Men i etterkant av seieren blir Uhtred satt på prøve både av personlig tragedie og av et angrep fra Alfreds soldater. De er misunnelige på Uhtreds prestisje og føler seg også truet av hans fremmedartede kultur. Uhtred bryter med Alfred og troskapsløftet han har gitt ham, og reiser nordover. Han blir igjen en viking.

tirsdag 20. februar 2024

Genser nummer 60: "Cozy everyday sweater" til Eldstejenta

Eldstejenta har bursdag palmelaurdag i år, derfor tenkte eg det kunne vere på sin plass med ein gul genser til bursdagen. Og påskegul genser kan det vere kjekt å ha før påske òg, dermed vart det bursdagsgåve på forskott. Oppskrifta var veldig enkel, og garnet fantastisk mjukt. Det heiter Viking Alpaca Bris, og fargen var lys gul. Genseren passa perfekt.


søndag 18. februar 2024

Genser nummer 59: "Fanagenser" til meg sjølv

Eg hugsar frå ungdomen ei raud og kvit fanakofte som eg trur eg arva etter Systa. No har eg strikka meg ein mørkeraud og naturkvit fanagenser etter same oppskrift og storleik som den eg strikka til Veslejenta. Eg festa trådane kvelden før eg skulle ha den på meg på kommunestyremøte, etter ein enorm strikkeinnspurt. 


tirsdag 30. januar 2024

Vest nummer 1: Twisty Akita til Storegut


Ein gong Storegut var heime, fekk han ta seg ut eit par mønster på nett. Eg hadde lyst til å prøve å strikke vestar. Denne vart veldig mjuk og god, og mønsteret var greitt å følgje. Den blå tråden heiter Dale Older og var veldig mjuk og hadde ein nydeleg blåfarge, medan den andre tråden heiter Twisty Air og var loden og fleirfarga. Mønsteret var litt vanskeleg å memorere til tider, men sjølve oppdelinga i fram- og bakstykke, V-hals og kantar var veldig lett å få til ut frå forklaringane i mønsteret. I og med at tråden er dobbel på heile plagget, vart det ein mjuk og varm vest som poden skal få neste gong eg ser han. 

Genser nummer 58: "Fanagenser" til Veslejenta.

Slik er fargane eigentleg

Her er genseren ferdig, men den ser grå ut på biletet.

Eg hugsar at mor mi i min ungdom strikka ein grå og kvit fanagenser til meg, og ei raud og kvit fanakofte til systera mi. Etter kvart enda kofta opp i mitt klesskap den òg. Eg kan finne på å bli nostalgisk, og eg tenkte på desse plagga då eg søkte etter ei oppskrift med rundfelling. Neste dag kom det eit tilbod på facebookfeeden min, så algoritmane gjorde jobben sin. Eg bestilte den mosegrøne strikkepakken som eg fekk tilbod på, men endra frå kvitt til naturkvitt. I tillegg bestilte eg ein raud og naturkvit som eg skal ha sjølv. Den mosegrøne skulle eg strikke til Veslejenta, og det vart brått litt stress då ho skulle i praksis og ville ha den på på første dag. Mora måtte droppe det meste av huslege syslar og berre sitje pal og strikke (ikkje svært motvillig), og jammen vart den ferdig. Ho måtte ta den med våt då ho reiste til faren, så eg får vente med bilete av genseren på eigaren. Den vart rett fin, sjølv om eg likar best isette erme. Det ligg utanfor min kompetanse, så vi tek til takke med rundfelling. Den var skikkeleg kjekk å strikke, og eg er i gang med den neste, sjølvsagt.

fredag 26. januar 2024

Bok 5 2024: "Sverdsang" av Bernard Cornwell


Året er 885, og Uthred har sverga truskap til kong Alfred, sjølv om han på mange måtar held med danane. Uthred er sjølv saksar, men vaks opp blant danane og har lite til overs for den kristne trua. I denne boka har brørne Sigfred og Erik kome til London, og det blir Uthred si oppgåve å stanse dei. Dette er den mest sentrale konflikten i boka, men i tillegg er der ei forteljing om kongsdottera som blir gifta vekk og deretter røva av danane. 

Bok 4 2024: "Alt som skranglar" av Erlend Skjetne

Dette er ei diktsamling frå 2022, så den burde vere ny nok til å kunne representere nyare norsk poesi. Skjetne sine dikt er relativt kvardagslege til tider, men dei har òg ei interessant djupn. I utgangspunktet handlar mange av dikta om farsrolla, men òg om eit barn som faren ikkje forstår, og kanskje skjemmest litt over til tider. Eg likar måten forfattaren fangar kvardagen på, som i diktet "Dørskilt":




Bok 3 2024: "Søkk" av Hilde Myklebust

I denne diktsamlinga finn ein mange fine dikt som viser stemningar i naturen. Forfattaren er fødd i 1979, men dikta verkar på ein måte svært gamle. Eg likte dikta for min eigen del, men dei var litt for kompliserte til å kunne fenge elevane, noko som sjølvsagt ikkje seier noko om kvaliteten på dikta. Nokre dikt passar til å bli analyserte og samtala om i plenum, andre passar betre til å bli lese ei stille stund i godstolen og gi nokre ord til ettertanke. Dette var ei slik samling, og den var fin å lese. Eitt av dikta syntest eg var så kort og enkelt at eg skal bruke det i undervisninga. Det fekk meg til å tenkje på Olav H Hauge.






fredag 19. januar 2024

Bok 2 2024: "Ein far til overs" av Sondre Hallvardson Bjørgum

Det er ikkje ofte eg set meg ned og les ei heil diktsamling. Årsaka til at eg gjorde det no, var at eg ikkje likte dikta i norskboka for vg1, og at eg ville finne noko nytt som kunne kjennast relevant for elevane. På skulebiblioteket fekk eg med meg nokre samlingar, og denne vart eg sitjande med til eg hadde lese heile. Her var mange fine dikt som var lette å relatere til, både om farsrolla og om mobiltelefonbruk. Eg valde ut nokre av dei korte dikta og skreiv dei inn i ein power point presentasjon, slik at det var eitt dikt på kvart lysbilete. Slik kunne vi undre oss over tekstane i samla klasse, utan å tolke dei sønder og saman. Poenget var å gjere elevane litt positive til lyrikk - å avmystifisere det, på ein måte. Dei dikta eg valde var blant dei som var enklast å forstå, men heile samlinga er veldig fin og lett tilgjengeleg.  



Eit døme på eit dikt eg tok med i presentasjonen:





set telefonen på lading

seier god natt til døtrene våre

det viktigaste først


Albert og Dennis 8 månader

Det har vore mykje kulde og snø den siste tida, noko som kan vere fint dersom vegane ikkje er for glatte og turvegane er moka. Det er ikkje så lett for små hundar å buksere seg rundt i knehøg snø, men førre helg kom vi oss ut på tur til Mjeltvika i nokre få cm nysnø. Det var perfekt både for to- og firbeinte. Det var ikkje sol den dagen, men det er håp om å få sjå meir av den òg framover. Bileta er tekne og redigerte av kjærasten til Veslejenta.

Dennis

Albert



Bok 1 2024: "Jarlene fra nord" av Bernard Cornwell

 

Denne boka handlar mykje om strid mellom sksarar og vikingar. Uthred, forteljaren, har eit ambivalent forhold til "danane", sidan han vart oppfostra av danane som tok livet av faren hans. 

Bok 40 2023: "Den hvite rytteren" av Bernard Cornwell


Storytel skriv: "Den hvite rytteren (tittelen refererer til Bibelen, Åpenbaringen 6.8) er bok nummer to i serien om Uhtred, Lord av Bebbanburg, og hans innviklete forhold til Alfred den Store, konge av Wessex i det 9. århundre. Historien begynner dagen etter hendelsene som avsluttet Det siste kongeriket, og fortsetter beskrivelsene av det skjebnesvangre året vikingene kapret Alfreds kongerike og drev ham på flukt. Det kan synes som Wessex, og England, er tilintetgjort, men Alfred er fast bestemt på å gjøre et siste desperat forsøk som muligens kan redde kongeriket hans."

Etter at handlinga er slutt, kjem eit etterord som eg syntest var svært interessant. Det handla mellom anna om dei kvite hestane som ein kan sjå nokre stader i det engelske landskapet.


torsdag 28. desember 2023

Julaftan 2023

Eldstejenta kom ikkje heim til jul i år, for ho og kjærasten reiste til Göteborg for å feire saman med familien hans. Dei hine tre kom derimot heim, og i tillegg var Bladfyken her. I og med at julaftan var på fjerde søndag i advent, vart det ein rolegare dag enn når nokon må jobbe eller handle. Eg hadde vaska huset vesle julaftan, og så hadde vi pynta tre, ete graut og deretter ete spekemat og potetsalat, noko som truleg har blitt ein tradisjon heime hos oss. Sjølve julaftan gjekk dermed på tradisjonelt vis med sein og god frukost, middagsførebuing og skjortestryking. Vi gjekk i kyrkja medan svineribba steikte, og pinnekjøtet hadde fått dampa seg ei stund før vi gjekk. Veslejenta pynta bordet, og Storegut laga rabbestappe. Alt smakte fortreffeleg, og ingen orka desserten eg hadde laga. Vi tok oss ein liten pause med kaffi og julekalender på tv før pakkeopninga starta, og etter vi var ferdige med det, måtte vi teste ut den siste pakken: eit nytt brettspel. Alt var hyggeleg og roleg, bortsett frå at kvelpane slost om gåvene sine.



Førjulstid 2023

 Adventstida gjekk veldig fort i år. Det vart som vanleg både julegrantenning og budsjettmøte, i tillegg til julebord med vinklubben på restauranten Brør i Volda og med jobben til Bladfyken på Hotell Union på Øye. På jobb vart det heildagsprøver, og eg valde å prioritere retting såpass eg vart ferdig før jul, men dessverre også heilt gåen. I politikken vart det mykje budsjetthandsaming både i formannsskapet og i kommunestyret, men òg i meir uformelle møte. På toppen av alt har det vore mykje is i oppkjørsla mi, slik at det vart vanskeleg med storhandel før like før julaftan. Eg bakte ikkje ei einaste kake, men huset vart vaska og pynta, og alle gåver vart kjøpte inn og nokre sende. Med tre tentamensbunkar ferdig retta kunne eg så ta ferie i jula - det betyr meir for meg enn julekaker.




Bok 39 2023: "Det siste kongeriket" av Bernard Cornwell

 




Dette er den første boka i ein serie på 12 bøker, så her er faren stor for at eg blir lei undervegs. Boka har handling frå England på 800-talet, medan danske vikingar har makta i mykje av landet. Forteljaren er Uthred, ein gamal mann som fortel om ungdomstida si. Han var fødd som arving til ein eigedom i Nothumbria, men etter eit slag vert han teken av danehovdingen Ragnar. Han vert dermed ein spennande karakter med sympatiar både for engelskmenn og danar. Bokserien skal handle mykje om kong Alfred, men i denne boka vert han nokså negativt skildra. Han er konge i Essex, den einaste engelske landsdelen danane ikkje har erobra.

Bok 38 2023: "Atlas. The Story of Pa Salt" av Harry Whutaker og Lucinda Riley




 Etter å ha skrive sju bøker om dei sju systrene, presterte forfattaren å døy før den siste og avsluttande boka var ferdig. Sonen hadde tilgang til notatar og fullførte deretter verket. Kva skal ein seie? Eg er ikkje nokon typisk lesar av slike  romanar, det blir ofte for føreseieleg og melodramatisk etter min smak. Likevel er det bøker som kan slukast, noko eg altså har gjort. Slutten vart føreseieleg og lukkeleg, for å seie det mildt, men det hadde blitt feil dersom det var annleis. Elles var boka brilliant innlesen i den engelske versjonen, så det gav lesinga ein ekstra kvalitet.

Bok 37 2023: "Og sånn blei det" av Maren Uthaug




Forlaget skriv: "Risten veks opp i Danmark med sin norske far, Knut, og si danske stemor, Grethe. Heime i Noreg sit Ristens samiske mor, Rihtta. Risten får etter kvart namnet Kirsten og gløymer det meste av livet i nord - bortsett frå forteljingane om dei underjordiske som ho fekk høyre av si læstadianske bestemor, Áhkku. Kirsten er ofte så redd om kveldane at ho ikkje får sove, og ho ber dei kvenske bønene Áhkku lærte henne. Grethe og Knut er for opptatt med andre ting til å bry seg med Kirstens kvalar - for eksempel har Grethe ein god del hundar ho må mate, og fem vietnamesiske båtflyktningar i kjellaren. Etter kvart finn Kirsten trøyst i venskapen ho utviklar til den vietnamesiske guten Niels. Og som vaksen reiser ho tilbake til Noreg for å finne ut meir om kvar ho kjem frå. «Og sånn blei det» er ei barndomserindring om å bli trekt opp med rota. Med sitt sedvanlege skråblikk og glimt i auget fortel Maren Uthaug om familieløyndommar, overtru og forboden kjærleik."

Dette var verkeleg ei god bok. Eg har vore meir oppteken av samar denne hausten enn eg plar vere, og dette var svært interessant, synest eg. Filmar som "Sameblod" tek opp tematikk som fornekting av opphavet sitt, men denne boka hadde òg fleire dimensjonar.

Bok 36 2023: "De henrettede 6. Et villnis av redsler - Forbrytelse og straff i 1750-årene" av Torgrim Sørnæs

 


Det ser kanskje litt voldsomt ut med seks bøker om dette temaet, men det er seks korte lydbøker. Eg likte denne serien svært godt, sjølv om det er noko pussig med slik sengelektyre. Dei ulike lagnadene gav eit innblikk i kor hardt livet kunne vere op slutten av dansketida.

Bok 35 2023: "De henrettede 5. Dødsskyggens daler - Forbrytelse og straff i Norge på midten av 1700-tallet" av Torgrim Sørnæs


 Fleire forteljingar om lovbrot og straff.

Bok 34 2023: "De henrettede 4. Menneskeham - Forbrytelse og straff i Norge på slutten av 1700-tallet" av Torgrim Sørnæs

 

Fleire forteljingar om lovbrytarar som fekk si straff.

Bok 33 2023: "De henrettede 3. Mørkets gjerninger - Forbrytelse og straff i Norge på slutten av 1700-tallet" av Torgrim Sørnæs

I denne boka kjem fleire forteljingar i same kategori som i bok 1 og 2.